«Rare tomatar» i Seljord
I kveld er det hagelagsmøte i Seljord hagelag. Og tema i kveld er «rare tomatar» eller bare «nesten» heilt vanlege tomatar. Store eller små, røde, gule, brune eller kvite, ovale eller pæreforma, stripete tomatar
– Eller lodne, ja det er mange forskjellige tomatar. Og dei som vi er så heldige å få besøk av i kveld, har frø til nesten 300 forskjellige tomatar. Det er Corine Dahl og Lars Sølversen som kjem til oss og viser mange fine bilde og fortel og lærer oss om tometar. Dei har også med planter for sal. Det blir enkel servering og utlodding. Møtet er ope for alle, melder Seljord hagelag.