Tradisjonen tru
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest, og forandre årsaker til naud gjennom å påverke avgjerder. Fasteaksjonen er ein av Noregs største bøsseaksjonar, og har blitt arrangert sidan 1967.
KIRKENS NODHJELPS FASTEAKSJON
Konfirmantane frå Rauland er klare til aksjon. Kring 200, ungdom som vaksne, er engasjerte i innsamlinga i Vest-Telemark. I fjor kom det inn 245 000 kroner frå dei seks kommunane våre. Ein fersk statistikk fortel at Vest-Telemark har samla inn vel 3,7 millionar dei siste femten åra. Det vert mange vasspumper og naudhjelpsrasjonar. I dag er kyrkjas konfirmantar i Vest-Telemark samla til felles inspirasjonssamling i Fyresdal. Ta godt imot dei på tysdag!