Frir til statsråd for å få Norsk språkråd
Ordførar Børre Rønningen ber arbeids- og administrasjonsminister Victor Danielsen Norman flytte Norsk språkråd til Vinje. Rønningen føreslår å plassere Språkrådet på Raulandsakademiet.
Bakgrunnen er at me vil ta statsråden og regjeringa på alvor når dei snakkar om flytting av statlege arbeidsplassar ut frå Oslo, seier Børre Rønningen.
Eg er samd i at statlege instansar kan flytte ut av Oslo. Eit organ som Norsk språkråd er på eit nivå der me kan tilby noko, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
No får me svar på om dei meiner alvor, legg han til.
Eit naturleg val
Utspelet frå Vinje-ordføraren kjem etter ei utgreiing om modernisering, effektivisering og forenkling i offentleg sektor statsråd Norman heldt for Stortinget i slutten av januar.
Dersom statsråden i moderniseringsarbeidet sitt vil ta ein statleg etat med oppgåver som like gjerne eller betre kan bli gjort utanfor Oslo, vil ei flytting av Norsk språkråd til Vinje vera eit naturleg og godt val, skriv Rønningen til statsråd Norman.
Norsk kulturspråk
Børre Rønningen viser til den kulturelle arven i Vinje, med tradisjonar innan folkeminne, dikting og kunstovringar. Ved å plassere Språkrådet i Vinje ville det få ein tydelegare kulturell profil.
Han karakteriserer Vinje som ei tradisjonsrik bygd, men òg ei moderne bygd midt i dei politiske, økonomiske og kulturelle brytningane i tida.
Språkleg tyder det at bygdemålet må konkurrere med bokmål på visse område og at norsk språk møter innvandrarspråk innom kommunegrensene. Dei tilsette ved Språkrådet ville såleis i Vinje kunne få demonstrert på nært hald fleire av dei språklege utfordringane og prosessane i tida, meiner Rønningen.
Han minner om at Norsk språkråd skal «fremje god og rett bruk av norsk språk og halde oppe norsk som kulturspråk og fullgodt bruksspråk på alle område.»
Vinje representerer på ein framifrå måte dei norske språktradisjonane, og har eit språkmiljø som gjer det naturleg at eit råd som har til oppgåve å verne om og fremje bruken av norsk språk blir lagt til denne bygda, skriv Rønningen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leggje til rette lokale
Børre Rønningen lovar at kommunen vil leggje til rette naudsynte lokale dersom departementet vel å flytte Språkrådet til Vinje.
Me kan tilby ei samlokalisering med Raulandsakademiet og Høgskolen i Telemark, Institutt for folkekultur i Rauland, føreslår Rønningen. Han opplyser at høgskulen har planar om å byggje ut både undervisninga og granskingsarbeidet på Rauland.
Dersom Språkrådet blir flytt til Vinje, vil desse tri institusjonane utgjera eit sterkt felles fagleg miljø. Det vil derfor vera naturleg at bygging av lokale for Språkrådet blir samordna med utbygginga for Høgskulen og Akademiet. Men bygging i kommunesentret Åmot vil òg kunne bli aktuelt, meiner ordføraren.
Midt i verda
Han legg på ingen måte skjul på dei føremonene Vinje har:
* Kommunen ligg om lag midt mellom Oslo og Bergen, med fire ekspressbussar dagleg til Oslo og tri til Bergen.
* Bussamband med Kristiansand to gonger dagleg.
* Ferdig utbygt breiband i Åmot, Rauland vil bli knytt til i løpet av 2002.
* Kommunen har søkt om å koma med i Høgkom-prosjektet «den digitale Telemarkskanalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg viser ordføraren til at i framtida kan høgfartsbanen over Haukeli koma. Med banen vil reisetida mellom Vinje og Oslo vera på 74 minutt.
Med moderne kommunikasjonsteknologi er det like lett å utføre oppgåvene til Norsk språkråd, normeringsarbeid, rådgjeving og informasjonsverksemd, frå Vinje som frå Oslo, slår Rønningen fast.
Han nemner òg kompetansemiljø som Attføringssentret og turisthotella på Rauland, og meiner det vil vera fleire arbeidsalternativ for familiane til tilsette i Språkrådet. Dessutan har Rauland gode bustadtomter, godt utbygt skule- og barnehagetilbod og eit utsøkt terreng for fritidsaktivitetar sommar og vinter.
Skiløypene på Rauland er betre og varer lengre enn løypene i Nordmarka, understrekar Vinje-ordføraren.
Også Norsk kulturråd
Rønningen ber om eit møte med statsråden, og er så raus at han let departementet velja tid for eit møte.
Men han nøyer seg ikkje bare med å lokke på Språkrådet.
Med den rike kulturelle breidde og tradisjon Vinje har kunne det òg vera eit godt val å flytte Norsk kulturråd hit, og få ei samlokalisering med alle institusjonane som er nemnt på Raulandsakademiet, inviterer han.