Innsamling av klede

Våren er her og da er det tid for å rydde i skåpa. Alle har sikkert noko som ikkje vert bruka og som kan koma andre til nytte. På Betel i Kviteseid har dei lang tradisjon for å samle inn klede, sko, sengetøy med meir til Ukraina, Moldova og andre fattige land. Innsamlinga i år vert fredag 2. mai.