Heidra for å inkludere
Dei tilsette er suksessfaktoren for at Rehabiliteringssenteret AiR lukkast med å skape ein inkluderande arbeidsplass, meiner direktør Svein Kostveit.
Mandatet til Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland er å hjelpe folk ut att i arbeidslivet. Då kan ein kanskje seie at det er opplagt at dei sjølve skal vera best i arbeidet med inkluderande arbeidsliv (IA) på sin eigen arbeidsplass.
Og det er dei jammen, òg. Nyleg fekk dei Nav Telemark sin IA-pris for 2013, i konkurranse med store verksemder som Gjensidige Skien og Skatt Sør.
Artikkelen held fram under annonsen.
– AiR står fram som eit eksempel på korleis ein kan innrette arbeidsplassar slik at dei er gode og inkluderande, og samtidig gje kreative og utviklingsorienterte bidrag til et godt arbeidsliv, seier Nav i grunngjevinga.
Nøkkelen er dei tilsette
Eit svært lågt sjukefråvêr dei seinare åra vitnar om at AiR tek IA-avtalen på alvor. Dei haustar ros for måten eldre arbeidstakarar blir oppmoda til å stå lenge i arbeid, med tiltak som gjer at arbeidstakarane sjølve ynskjer å halde fram.
– Dei tilsette er den viktigaste faktoren for at me lukkast med å ha eit så godt arbeidsmiljø. Dei opplever arbeidet her som svært meiningsfylt, og ynskjer det beste for kvarandre, seier AiR-direktør Svein Kosveit.