– Nedslåande om Rjukan sjukehus

Ordføraren i Vinje er ikkje nøgd med sjukehusdirektørens innstilling om fjerne akuttfunksjonen ved Rjukan sjukehus.

Sjukehusdirektør Bess Margrethe Frøyshov går inn for å samle akuttfunksjonane, kirurgi og døgntilbod ved to av sjukehusa i Telemark; Notodden og Skien. Det betyr at ho ikkje har endra meining om å leggje ned desse funksjonane ved sjukehusa på Rjukan og i Kragerø.

Enkelte polikliniske tilbod og dagbehandling av kronikarar og kreftpasientar blir verande på Rjukan og i Kragerø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nedslåande

Kommunestyret i Vinje gjekk i høyringsuttala si inn for å gje full støtte til Rjukan sjukehus og Tinn kommune sin kamp for å bevare sjukehustilbodet i Øvre Telemark. Ordførar Arne Vinje seier kommunen ikkje ynskjer at sjukehuset skal halde fram med å bli svelteforas, men at ein i staden skal satse meir på Rjukan.

– Me ynskjer at Rjukan sjukehus i staden for nedlegging av funksjonar må få høve til å utvikle vidare seg til eit funksjonelt og tenleg sjukehus for heile regionen. Det er nedslåande at det ser ut til å gå ein annan veg, seier Vinje.

Ordførar i Tinn, Steinar Bergsland, seier til TA at over 100 arbeidsplassar kan gå tapt på Rjukan dersom sjukehusdirektøren får gjennomslag for planen. Mange av dei tilsette kjem frå Vinje.

Endå større trong for luftambulanse

Vinje-ordføraren understrekar også at dersom akuttfunksjonen blir borte, tilseier det eit endå større trykk på ambulansetenesta – såkalla prehospitale tenester. Då tenkjer han særskilt på trongen for ein luftambulansebase i regionen.

– Seinast denne veka har det vore dokumentert i media at Øvre Telemark manglar dekning av luftambulanse, seier Vinje.

Han viser til at regjeringas mål om at hjelpa skal nå fram innan 45 minuttar ikkje er realiteten i delar av Øvre Telemark.

Norsk Luftambulanse, som driv dei fleste luftambulansebasane i Noreg, meiner responstida bør ned i 20 minuttar for at befolkninga skal få hjelpa dei treng i tide. Vinje kommune har lenge arbeidd for å få på plass ein luftambulanse i kommunen for å sikre tryggleiken til befolkninga i Vinje og kommunane rundt.

Det er helseføretaka som har ansvaret for luftambulansetenesta.