Hytteeigarar i Nissedal meiner dei vert nytta som mjølkekyr fordi 75 % av inntektene frå den nyleg vedtekne eigedomsskatten vil koma frå dei 2 000 hyttene i kommunen. No oppmodar fleire av dei til boikott avnæringslivet.
Hytteeigarar i Nissedal meiner dei vert nytta som mjølkekyr fordi 75 % av inntektene frå den nyleg vedtekne eigedomsskatten vil koma frå dei 2 000 hyttene i kommunen. No oppmodar fleire av dei til boikott avnæringslivet.

– Ei siste, desperat handling

Desperate hytteeigarar boikottar næringslivet for å koma til ordet, og bruker sosiale medium til å oppmoda andre om å gjera det same.

Mange hytteeigarar har reagert på eigedomsskatten i Nissedal, og på sosiale medium oppmodar hytteeigarar til boikott av næringslivet i Nissedal. Kommunen svarar dei som skriv på Facebook-sida til kommunen at ein boikott er å retta bakar for smed.

Ein av hytteeigarane som har rast på sosiale medium er Jack Grøgaard frå Kragerø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit uttrykk for desperasjon andsynes kommunen. Dei slår oss i andletet med ein ny skatt, samstundes som dei ventar at me er gode ambassadørar for kommunen og kundar hjå næringslivet i kommunen, seier han.

Han synest det er synd at det skal gå utover ein tredjepart, men meiner at dei som hytteeigarar ikkje har noko anna å gjera sidan dei ikkje har røysterett.

– Det er ikkje noko poeng å køyra næringslivet konkurs, men me må få dei til å ta saka opp med kommunen sidan me ikkje har røysterett, seier Grøgaard, som sjølv driv i næringslivet i Kragerø. Grøgaard meiner omdømmetapet for Nissedal er stort, sidan det er mange hytteeigarar i ein så liten kommune.

– Me er mange som har hytter og me har med oss mange gjestar. Det er vanskeleg å vera like positive framover, fortel Grøgaard.

Han meiner det ikkje er nokon samanheng mellom storleiken på ei hytte og den økonomiske situasjonen til eigaren.

– Det er nok skattar og avgifter her i landet, og dette vil føra til at det vert for mange for nokon, som då vert nøydde til å selja, seier Grøgaard.

Han vonar kommunevalet neste år vil gje fleirtal til parti som vil gjera om på skatten, og legg til at han tenkjer litt annleis om skatten etter møtet med kommunen rfedag, men står framleis for boikotten.

– Det er framleis tid til å gjera om på vedtaket. Eg vonar dei gjer som nokon andre har gjort og snur, avsluttar han. Til dømes skal Hjartdal, som òg nyleg har møtt massiv motbør mot innføring av eigedomsskatt, sjå på utrekninga på ny.