Politimeldingar: Seljord blant verstingane
Nå finst ei måling som viser at befolkninga i Seljord er blant dei som har mest kriminalitet rundt seg. Her er oversikta over lovbrota – og mengda meldingar per tusen innbyggjar.
Alle norske kommunar er no rangert etter kor mange lovbrot som er melde per tusen innbyggjar. Det er dermed forsvarleg å seie at Seljord, blant Noregs 428 kommunar, berre er den 414 «snillaste» kommunen i Noreg. Berre 13 kommunar har altså verre tal. Kviteseid kommune er å finne på 184. plass på denne oversikta. Det er best blant kommunane i Vest-Telemark.
Dette kan vi slå fast etter at Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut kor mange saker som blir melde årleg etter gjerningskommune. Det vil seie; tala er eit årleg gjennomsnitt frå dei siste to åra. Dette gjev betre kvalitet på tabellane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I denne statistikken må vi ta høgde for at det kan vere store variasjonar, spesielt for dei kommunane og lovbrotsgruppene som har få tilfelle. Datakvalitet og registreringsmåtar, spesielt i større enkeltsaker, varierer og kan gjere det svært ulikt mellom elles like kommunar – og frå år til år, poengterer SSB.
– Til ein viss grad er det teke høgde for dette ved at tabellen inneheld verdiar for toårig gjennomsnitt og berre dei største lovbrotsgruppene, blir det lagt til.
Lovbrot i Seljord
I følgje SSB-tala blei det i 2012 og 2013 meldt i snitt 290 årlege lovbrot i Seljord kommune. Det gjev 98,5 saker per tusen innbyggjar i kommunen. Dette er ein god del meir enn normalen i Noreg, som er 74,7 saker per tusen innbyggjar. Ein del av forklaringa ligg i at Seljord har store festivalar. I Kviteseid kommune opererer ein med 41,5 saker for kvar tusen innbyggjar per år. Dei andre kommunane ligg mellom 43 og 53 saker per tusen.
Vi gjer merksam på at lokalt politi kan telje sakene på annan måte enn det SSB gjer i statistikken sin.
Snillaste i Noreg
Vi kan på uoffisielt vis kåre Noregs «snillaste» kommune ved hjelp av desse tala. Det er nemleg Rødøy kommune i Nordland. Der er det 10,7 melde lovbrot per tusen innbyggjar. Deretter følgjer Kvitsøy i Rogaland og Solund i Sogn og Fjordane. I den andre og langt mindre attraktive enden av denne tabellen finn vi ein del kommunar som hamnar der av «naturlege» årsaker. Lærdal kommune har den lengste vegtunnel i verda, og her er det ikkje reint få fartssyndarar som blir melde i løpet av eit år. Då blir det mange meldingar å «fordele» blant innbyggjarane der. Ullensaker med Gardermoen og Hemsedal med alle alpinturistane sine er også blant verstingane. Kommunar med grenseovergangar og smuglarsaker vil sjølvsagt også få tal som lyg når ein reknar etter mengda innbyggjarar.
Best i Telemark
I Telemark er det eit årleg gjennomsnittleg på 78,7 meldingar per tusen innbyggjar, så dei fleste kommunane i Vest-Telemark trekkjer snittet ein del ned her. Aller best ut i Telemark kjem Siljan, som har eit snitt på 35 årlege meldingar per tusen bebuar. Så følgjer Tinn med 38 per tusen innbyggjar. Verstingen i Telemark er Bø kommune, der ein registrerte eit årleg snitt på 99,6 meldingar per tusen innbyggjar.