Skrens førte til kollisjon
To personbilar kolliderte på fylkesveg 38 like nedafor Holtebru mot Dalen sundag ettermiddag. Alle naudetatane reiste ut til staden. Den eine bilen hadde fått skrens i ein sving, og det førte til at den kolliderte med den møtande bilen. Til saman var det seks personar i bilane, men alle kom frå ulykka utan skader. Bilane fekk materielle skader, og måtte fjernast med bergingsbil. Trafikkulykka førte til problem for trafikken.