Feil i barnehagesak

Tysdag 26. august skreiv VTB i saka «Ikkje plass til dei minste» at foreldrekontakt Håvard Ofte uttala tvangsflytting av born ikkje råka foreldre i Lårdal. Foreldrekontakten meinte det råkar alle med born som vert flytta, også dei frå Lårdal, og ynskjer å orsaka dei som føler seg gløymt i uttalen. VTB orsakar misforståinga.