Bli med oss på kommunestyremøte
Leiar i Vest-Telemark blad 4. september
Om eitt år er det kommuneval. Truleg det viktigaste på lenge, når vedtak om eventuelle kommunesamanslåingar skal gjerast i 428 kommunestyresalar landet over i løpet av den neste fireårsperioden. Kanskje kan me også fjerne «eventuelle», for regjeringa sender signal om at vil du ikkje, så skal du.
Samtidig med dette slit svært mange lokale partilag med rekruttering til politikken. Mange lokallag i Vest-Telemark har alt signalisert at det blir vanskeleg å stille liste til valet. Snittalderen blir stadig høgare. Dei innbyggjarane som reforma vil påverke i størst grad – dei som skal leve lengst med dette – er dei det sit færrast av i politisk styre og stell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er nok ikkje slik at yngre menneske er uinteresserte i kva som rører seg i det politiske liv. For alt er politikk: Skule, barnehage, reiselivsutvikling, vegar (både store og små), næringsliv, sentrumsplanlegging, landbruk, naturforvaltning, kultur ... Lista er uendeleg. Men kanskje er det lett å tenkje at «det får andre ta seg av». No blir det altså stadig færre som vil ta seg av det. Det betyr at folk bør tenkje seg om ein gong til.
Truleg er det ikkje den store kommunereforma som vil dra flest folk inn i politikken. Kanskje kjenner mange på at det er det same for dei, så lenge skulen og sjukheimen blir som dei er. At dei kanskje fyrst og fremst er flatdølar, og ikkje seljordingar, eller «æddingar», og ikkje vinbyggar. Men også skulen og sjukeheimen er politikk. Dette kan ein vera med på å bestemme.
De som sit i partilaga i dag har ei vanskeleg oppgåve med å få fylt opp listene med folk som har lyst til å gjera ein innsats. Me oppmodar alle menneske over 18 år i Vest-Telemark til å kjenne litt ekstra på det presset, tenkje ekstra nøye etter om det hadde vore interessant. Så er det partia si oppgåve å leggje svært godt til rette for opplæring og støtte til dei som ikkje har prøvd dette før. Vise at det er moro å arbeide saman om ting.
Kva med ein dugnad: Kom på eit kommunestyremøte i kommunen din. Politiske møte er opne for alle. Du kan få sitje ved sida av oss, me er ofte til stades. Så kan du sjå kva det dreier seg om, og du må gjerne spørje oss om du trur me kan svara. Politikarane si oppgåve blir å syte for engasjerande og poengterte debattar i møtet, og ta ein tur bort i pausa for å slå av ein uforpliktande prat.
Er de med?
Så er det partia si oppgåve å leggje svært godt til rette for opplæring og støtte til dei som ikkje har prøvd dette før.