Stikkord: Semje
Leiar
På ferda si i Vest-Telemark for å treffe ordførarar og leiarar i kommunane for å snakke om aktuelle vegsaker, understrekar avdelingsingeniør Kjell Solheim i Statens vegvesen kor viktig det er med semje om utbygging av vegane. Tysdag var han også innom møtet i Vest-Telemarkrådet med den same bodskapen.
Som kjent er det godkjent ein plan for nye tunellar på E 134 over Haukelifjell. Desse er spela inn i Nasjonal transportplan (NTP).
Artikkelen held fram under annonsen.
No er førebuingane til rullering av NTP i gang. I tillegg er det varsla frå Samferdselsdepartementet ei avgjerd om kva vegar som skal bli hovudvegar – ein eller mest truleg to – mellom Austlandet og Vestlandet.
I den prosessen som no er i gang, har Haukelivegen AS fått utarbeidd ei utgreiing som viser den samfunnsøkonomiske nytten av å gjera E 134 hundre prosent vintersikker over fjellet.
– Det er få vegprosjekt som gjev eit slikt samfunnsøkonomisk positivt resultat. Dei fleste slike utgreiingar går i minus eller i null, med dei kalkuleringane me brukar, opplyste Solheim i VTR-møtet.
Han var likevel uroa for omkampar om dei ulike alternativa, når ein frå Vegvesenets side no er nær målet i arbeidet med reguleringsplanar.
På den andre sida opplyste Gro Rønningen frå Vegvesenet at ein treng ikkje ha alle planar klare for å få gjennomslag frå sentrale styresmakter. Men også ho understreka kor viktig det er å vise at det er semje – «her blir det ingen omkampar».
Det må bety at ein har størst sjanse for å få gjennomslag hjå dei som løyver pengane dersom ein kan leggje fram eit realistisk og godt fundert prosjekt.
Sjølv om E 134 er den kortaste, den raskaste og den mest trafikkerte vegen aust–vest, har me størst sjanse til å vinne fram med han som ein av dei valde hovudvegane dersom me kan vise til størst samfunnsøkonomisk nytte. Og dersom me kan garantere «ingen omkamp». Det er ikkje det same som at planane ikkje kjem til å endre seg.
Dei to kriteria må me no leggje all kraft i. Det er i haust toget går – for ei framtid me ikkje ser enden på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje er lagt ned i planar for store strekningar av E 134: Over Meheia, utanom Notodden, tunellen Århus–Gvammen er i oppstarten.
Til dei som arbeider aktivt for «Ekspressvegen» er meldinga frå Vegvesenet klar: «Urealistisk dei neste hundre åra,» sa Gro Rønningen i VTRmøtet.
Ja, men sjølv utan den, er E 134 den kortaste, raskaste osv. La oss no halde på den semja. Og planlegge dei beste alternativa ut frå det.
Det må bety at ein har størst sjanse for å få gjennomslag hjå dei som løyver pengane dersom ein kan leggje fram eit realistisk og godt fundert prosjekt.