Kryssordmeisteren i Åmotsdal
Kryssordbygd nr. 1 – Åmotsdal. Kryssordløysar nr. 1 – Guro Kleivi, Åmotsdal.
Ho visste mest i sommar og i sommarkonkurransen vår. Ein dag innunder jol fekk ho endeleg premien sin – «Telemark i bilder».
Artikkelen held fram under annonsen.
Då vart det sjølvsagt tid til ein lang og god prat over kaffikoppen heime på Svinjom hjå Guro og Gunvald Kleivi.
– Jau, det har blive ein del kaffeposar frå Veslebladet. Men eg trur knapt det veg opp portoutgiftene, seier Guro, som ikkje har hoppa over mange kryssordgåter i VTB gjennom åra.