Diakoni
Kom for alt er ferdig
– Eg hadde tenkt og tenkt, sa ho. «Att og fram. Akkedera med meg sjølv. Men alltid kom eg fram til at denne knelinga kring altaret ikkje var noko for meg. Nattverden skal vel vera for dei verdige? Dei sterktruande. Du veit eg har lite å syne til. Så dumpa eg inn på denne kveldsmessa. Langt heimanfrå. Kjende ingen blikk i nakken som i mi eiga heimkyrkje.
Så tala presten om Jesus siste måltid med læresveinane, og for fyrste gong skjøna eg at dei verkeleg ikkje var søndagsskulegutar. Denne Peter banna og nekta at han kjende Jesus i det heile.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så når presten lyfte brødet og vinen, og bad over det, var det som prestemannen forsvann der framme ved altaret. I staden var det Jesus som snakka til meg: «Kom for alt er ferdig», sa han. Eg klara ikkje å stå imot.
Med eitt fann eg meg i en liten kø saman med andre. Fekk eit brød i handa og skjelvande fekk eg duppa det ned i vinen. Det kjendes rett der og då. Men var det veldig feil av meg?»
Eilev Erikstein
eilever@online.no
www.prostidiakon.no