Vurderer frivilligsentralen

Nissedal kommunestyre tingar ei grundig utgreiing frå rådmannen om alternative former for organisering og eigarskap av frivilligsentralen som no er inne i sjette driftsåret.

I saksutgreiinga opplyser rådmann Sverre Sæter at det dei siste åra frå ulikt hald er reist spørsmål om Nissedal frivilligsentral lever opp til forventingane. Det har også vore diskutert om han bør leggast ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg ynskjer å ta mål av meg å kome med ei nyansert sak som også kan bidra til å gje eit meir realistisk bilde av kva rolle frivilligsentralar har i lokalsamfunnet. Eg ser for meg at utgreiinga mi skal konkludere anten at sentralen vert lagt ned eller det vert gjort ei konkret endring i organiserings- og eigarskapsmodell», skriv rådmannen i saka.

Tilrådinga hans blei vedteke av politikarane.