Mista lappen for alltid

Ein kar i 40-åra, busett i Vest-Telemark, blei i desember i fjor stoppa av politiet. Føraren gav blodprøve, og analysane viste prov på rusande eller bedøvande midlar.

            Mannen blei i Vest-Telemark tingrett dømt til fengsel i 36 dagar, ei bot på 4 000 kroner og han blei også frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvog for alltid. Fengselsstraffa er ei fellesstraff med ein betinga dom frå tidlegare, som også omfatta køyring i ruspåverka tilstand.