Fekk straff for lekamsskading

Ein vesttele i 20-åra er i Vest-Telemark tingrett dømt til fengsel i 90 dagar for å ha lekamsskada ein annan person. Mannen blei også dømt til å betale nesten 10 000 kroner i erstatning til offeret og 25 000 i oppreisningserstatning. Hendinga fann stad sist haust.