Stakk hol i dekka på politibilen
Politiet tok natt til sundag med seg ein person til legevakta på Dalen. Han var mistenkt for å ha køyrd i fylla. Då dei kom ut frå legevakta oppdaga politiet at nokon hadde stukke hol i eit av dekka. Dekket var heilt flatt.
– Truleg er det ein som ikkje synest politiet gjorde ein god jobb då dei stansa fyllekøyraren, skriv politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka blir etterforska og politiet ber om tips frå dei som var ved legesenteret rundt klokka fire natt til sundag.