Kristendom i klimaproblematikkens tid
Det kristne prinsippet om nestekjærleik forpliktar folk i den vestlege verda til å tenke klima og rettferdig handel. Det er eit av prinsippa for den store Korsveifestivalen på Dyrskuplassen.
Noko er annleis på Dyrskuplassen ei veke i midten av juli.
Det elles så bråkete Fjoset er døypt om til Den Stille Hagen. Valutaen er ikkje millionar av norske kroner, men femmarar og tiarar i «balubapengar».
Artikkelen held fram under annonsen.
Korsveifestivalen har innteke Seljord.
– Dette er ein kristen, tverrkyrkjeleg festival som fokuserer på å bygge fellesskap, leve enklare, fremje rettferd og søke Jesus Kristus – me kallar det dei fire vegvisarane. Me spør kva det vil seie å fylgje Jesus i vår tid, og «vegvisarane» peikar ut retninga, seier Korsvei-prest Tone S. Kaufman.
Ingen religionsfasit
Korsvei-rørsla er opptekne av å stille spørsmål, heller enn å koma med fasitsvar. Kanskje er det difor dei samlar så mange ulike retningar innan kristendomen.
– Dette er den kristne festivalen i Noreg som samlar det breiaste spekteret av kristne organisasjonar. Det er fordi me ikkje er ein meiningsfellesskap, men heller er opptekne av praksisar. Det er viktig for oss å utfordre til «uro» og refleksjon, heller enn å gje konkrete svar, seier Kaufman.
På nettsidene sine skriv Korsvei at dei «leiter etter ein veg, søkjer eit spor».
– Me vil ha tak i det som kan halde trua og livet saman i ei oppriven tid – og meiner at sjølve spørsmålet ofte kan vera vel så viktig som svaret. Klare spørsmål held nysgjerrigheita oppe, lengselen levande og disippelen i bevegelse, skriv dei.
Festivalen er mykje meir enn bøn og bibeltimar – sjølv om det også er ein viktig del. Dei mange seminara har tema som «Boikott eller forbedring? – Korleis kan eg syte for ein rettferdig handel på min arbeidsplass», «Å ete er ingen hobby – Jordbruk og hagebruk som opprør» og «Oppstandelse som motstand – Eit teologisk utgangspunkt for praktisk aktivisme».
Blir kjent over grønsakene
I år hadde festivalen, som blir arrangert annakvart år, over 2200 deltakarar. Med så mange menneske er ein avhengig av god infrastruktur. Difor er festivaldeltakarane organiserte i tun på 30-40 personar, som har kvar sin «tunhøvding». Tuna er igjen samla i ulike grender.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet er å bygge ein fellesskap der det er godt å vera, seier Kaufman.
I tuna lagar dei middag saman. Blir kjende over grønsakskuttinga. Alle på festivalen et det same til middag. Menyen står i programmet, og når det er middagstid tek tunhøvdingen med seg eit par hjelparar og går til landbrukshallen der maten skal hentast. Det aller meste er handla lokalt, og igjen er det eit mål at ein skal tenke gjennom kva ein et og kvar det kjem frå. Landbrukshallen bognar av tomatar, blomkål, raudlauk og kesam i store mengder. Det trengst mykje råvarer for å mette over 2000 munnar. Det totale matbudsjettet er på mange hundre tusen kroner, som i stor grad blir lagt igjen i Seljord.
– Viktige påminningar
I eit tun nær utgangen har ein gjeng frå Suldal, Horten og Lillehammer sett seg ned på piknikbenken med knivar og skjerefjøler. Ein av dei er i gang med å fyre opp tungrillen.
– Eg synest det er spennande med ein festival med eit anna fokus, med tema som berekraft og økologi. At det er ein del av det å vera kristen, seier Tonje Gonzales frå Horten.
Også dei andre rundt bordet set pris på tematikken som blir diskutert.
– Alle treng ein vekkjar, til dømes når det gjeld rettferdig handel. Me treng å bli minna på forholda folk i andre delar av verda arbeider under, seier Sigurd Kilane frå Suldal.
Korsvei om seg sjølv:
- «Korsvei er fødd ut av lengselen etter å leve som Jesu disipler midt i vår tid.
- Korsvei er ein bevegelse som ynskjer å bidra til å forandre både kyrkje og samfunn nedanfrå. På sommarfestivalar og i lokale nettverk samlast me til fellesskap og fest, fordjuping og protest.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjelde: Korsvei.no