Narkoaksjon i Brunkeberg
To menn blei pågripne i Brunkeberg laurdag ettermiddag i det som skal vera ein større narkotikaaksjon. To menn blei framstilt for fengsling måndag, skriv Telemarksavisa.
Lokalt politi ville måndag ikkje gje informasjon om saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
I går ettermiddag sa politiadvokat Kjell Ove Ljosåk til NRK Telemark atdei to sikta ikkje kjem frå Vest-Telemark. Han ville ikkje kommentere kor store mengder narkotika det er snakk om.
– Det er faren for å øydeleggje bevis som er årsaka til at politiet ber om varetektsfengsling, seier Ljosåk til NRK.