Ti flyktningar i året

Dei ti Ap-representantane i Fyresdal kommunestyre røysta for framlegget frå rådmannen om å ta imot ti flyktningar årleg i kommunen for perioden 2016–2019. Familiesameining kjem i tillegg. Mottaket skjer etter dialog med rådmannen, leiinga ved Telemark lys og IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet). Ein kan prioritere familiar frå Syria om IMDI melder slikt behov. Om det høver slik at storleiken på familiar fører til at kommunen må ta imot fleire enn ti flyktningar det enkelte år vil kommunen vere positivt til det.

Sp fekk bare eigne sju røyster på å utsetje saka til neste møte. Så føreslo partiet å auke årleg tal på flyktningar frå ti til femten, men fekk igjen bare eigne røyster.