Ungjenter bak «roret» på Edland-kroa
Edland-kroa som ei tid i fjor hadde motvind, har no snudd denne til storm i motsett retning. Eigaren, Jon Edland fortel at dei på årsbasis har auka omsetnaden med ein halv million. Edland legg ikkje skjul på at det er dei tilsette som må tildelast æra for dette. – Dei 8 ungjentene eg har i arbeid, gjer ein kjempejobb, så eg treng ikkje tenke på drifta i det heile. Dei ordnar sjølv sine vaktlister, set opp menyen, og ordnar opp i alt. Og det er ein ungdommeleg bukett jenter som jobbar ved Edland-kroa. Ann Elisabeth Barane frå Skånevik med sine 19 år er yngst, medan Marit Versto (28) er nestor. Snittalderen på dei 8 er 23 år.