Kuttar elektrolina ved vidaregåande
Hovudutvalet for kompetanse i Telemark fylkeskommune vedtok tysdag at elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen ikkje skal starte opp att til hausten.
Framlegget om å kutte elektrolina på Dalen det komande skuleåret kom frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og SV. Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet utgjorde mindretalet i avrøystinga.
Fylkesrådmannen hadde ikkje tilråding om eit slikt vedtak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innsparinga er rekna til å vere 450 000 kroner.
– Tokke Senterparti vil fremje ei sak om dette i formannskapsmøtet fredag. Der må me vurdere om kommunen saman med næringslivet skal spleise på 450 000 kroner slik at lina blir sikra eitt år til. Det vil vere særs viktig for å halde på lærarkompetansen og trygge tilbodet på Dalen for elevane, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).
Han seier at framlegget om å kutte lina komande skuleår kom som lyn frå klar himmel.
– Eg hadde ikkje fått slike signal i det heile, og eg blei veldig overraska over framlegget. Fleirtalet i utvalet kom med framlegget fordi det så langt berre har kome 5 søkjarar til lina. Fylkeskommunen betalar for 10 plassar og kvar plass kostar om lag 90 000 kroner. Dermed vil fleirtalet heller kutte ut lina det komande skuleåret. Men neste skuleår (2017/2018) vil dei ha lina open att dersom det kjem mange nok søkjarar, forklarer Felland.
– Me vil jobbe for at det skal vere føreseieleg å vere og bli elev ved den vidaregåande skulen, og me kjem til å gjere det me kan i denne saka, legg han til.
Opposisjonsleiar i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap) var heller ikkje kjent med at partifellene på fylkesplan ville kome med eit slikt framlegg.
– Dette var heilt ukjent for meg. Eg må seie eg blei skuffa då eg høyrde om vedtaket, seier Vågslid til VTB.