Er du som innbyggjar i Seljord lei av avtaler hit og dit for kommunen vår?

Det er det eg er uroa over – at bygdas innbyggjerar – grunna mykji floksel – ikkje møter opp og stemmer skjebnesdagen 23. mai. Då treng vi mange som møter opp og seier Ja til Seljord!

Eg er ikkje aleine når eg undrar meg over målet med ynskjelister – altså intensjonsavtaler – ordførar hit – helse dit… Ved neste vegkross kjenner me ikkje att ynskjelista. Ved neste kommunestyre i nykommunen – måtte ikkje det skje – er dei suverene til å endre ynskjelista og flytte tenester og kontor som dei vil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er dessutan rart at ein seier at ingen skal miste arbeidet sitt men innsparing skal det bli. For innsparing må ein ha for å dekke opp vedteken nedtrapping i rammetilskota ved samanslåing.  Innsparingane gjeng til staten og viktige arbeidsplassar kjem i fare, Vi har i liten grad høyrt korleis dei tilsette i kommunen er ivaretatt her. Kompetansearbeidsplassar veks ikkje på tre ute i distrikta.

Det har teke mykji energi og direkte kronekostnadar å prøve å gjennomføre det regjeringa bestiller, i dette høve med litt halvtvang i tillegg, sjølv om Stortinget sitt vedtak er frivillighet.

Frivillig samanslåing for å utnytte ressursar er ein ting – ei heilt anna sak er det når dei prøver å overbevise vettuge bygdefolk om at stort er best. Me heve god tradisjon på interkommunalt samarbeid og stort potensiale i å utvikle dette meir, men vi har liten tradisjon for grenseflytting.

Utruleg at Sanner greier å framstille liten til svak og stor til sterk ved bruk av tomme ord. Forsking gjev oss motsett svar. Sjå til Danmark, dei har gjort Vestkysten nær folketom – ved nettopp å gjera liten til stor. Forsking viser at små kommunar leverer betre tenester til den enkelte innbyggjar.

Eg ynskjer verkeleg at DU ikkje er så lei denne saka at du ikkje tek turen til stemmelokalet 23. mai og gjev di stemme til vår flotte sjølvstendige kommune SELJORD!

Liv Ekre,

folkeaksjonen Ja til Seljord