Sanner sine mytar
Kommunalminister Jan Tore Sanner spinn så mange mytar rundt kommunereforma at han nesten kan kallast ein moderne Asbjørnsen og Moe. Men der dei samla eventyr basert på segn og folketru, kjem desse mytane frå eit utdatert og elitistisk tankegods om at størst er best - uansett. Folkestyre, tenestetilbod og nærleik ofrast for å sentralisere og privatisere Noreg.
Myte 1: Norske kommunar er små.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nei det er dei ikkje, samanlikna med mange andre land i Europa. Dei har dessutan ansvar for mange viktige tenester for folk, frå skule til eldresorg.
Myte 2: Små kommunar slit og er sårbare, og må slå seg saman for å styrke seg.
Tja, å rekruttere kvalifisert personell er ei utfordring i alle kommunar, store og små. På Romerike, der du finn nokon av Noregs største kommunar, manglar dei fleire titals sjukepleiarar. Samanslåing løyser ikkje utan videre den utfordringa.
Myte 3: Vi må slå oss saman.
Nei! Stortinget sitt vedtak frå 1995 om at samanslåingar skal vere friviljuge, gjeld framleis. Ingen kan tvinge oss - me avgjer sjølve!
Myte 4: Vi får meir pengar.
Nei! Vi får ein eingongssum som kanskje dekker ekstrakostnadene ved samanslåing, og eit slags stresstilskot (også ein eingongssum) for å friste kommunane til å slå seg saman. Vi beheld dei same inntektene vi har no, i 15 år. Etter det må vi kutte mange millionar. Det vil gå utover skule og omsorg. Sanninga er mindre pengar!
Ikkje tru på Sanner sine mytar. Stem JA til Seljord, stem NEI til kommunesamanslåing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Beate Marie Dahl Eide,
folkeaksjonen JA til Seljord