God utvikling i Tokke-skulane
Kommunestyret i Tokke blei tysdag informert om tilstandsrapporten for skulane i Tokke. Rapporten viser at skulen har hatt framgang på mange felt, og at elevane i større grad er på eit høgare meistringsnivå enn tidlegare.
– Det kjem også fram at mange elevar syg etter faglege utfordringar. Eit anna gledeleg punkt er at hundre prosent av Tokke-elevane gjekk frå grunnskulen til vidaregåande skule, sa oppvekstsjef Finn Arne Askje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han opplyste også at generelt har skulane i Tokke eit godt læringsmiljø, og mange positive element i dei faglege prestasjonane.