Ulikt syn på regionreform
Stortinget har vedteke at det framleis skal vere tre folkevalte nivå. Med det som utgangspunkt er eit stort fleirtal på Stortinget for ei regionreform.
Kommunestyret i Nissedal uttaler at dei stør ein gjennomgang av den regionale strukturen. Lokalpolitikarane meiner det er viktig at regionane får fleire og større oppgåver, og at meir makt blir flytta til eit folkevalt regionalt nivå. Nye oppgåver og ansvar betyr at fleire arbeidsplassar flyttast frå Oslo og ut i regionane og distrikta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nissedølane viser til at Buskerud, Telemark og Vestfold (BTV) har lang og god erfaring med samarbeid i fylkeskommunal regi. Andre døme er samanslåinga av høgskulane til Høgskulen i Søraust-Noreg og det nye politidistriktet Sør-Aust.
«BTV-regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad vil bli ein stor og kraftfull region som ei god motvekt til Oslo og Akershus. Ein region med Telemark og Vestfold vil ikkje få same effekt som BTV, og Nissedal kommune meiner at ein region med desse to fylka ikkje er framtidsretta», har kommunestyret samrøystes vedteke som uttale.
– Ikkje bruke tvang
Fyresdal kommunestyre har kome med ei uttale der dei er skeptiske til samanslåing av både fylkesmenn og fylkeskommunar. Vidare meiner lokalpolitikarane at regjeringa, som i kommunereforma, ikkje skal bruke tvang for å slå saman fylkeskommunar.
Om Telemark fylkeskommune i forhandlingane med Vestfold eller Aust-Agder oppnår ei samanslåing, ynskjer fyresdølane Agder-alternativet.
«Fyresdal kommune meiner det beste alternativet er at Telemark fylkeskommune held fram som i dag, og samarbeider med dei andre regionane framfor samanslåing», uttaler kommunestyret samrøystes.