Hardt press på Vinje Helsesenter
Personalet ved Vinje Helsesenter er under sterkt press på grunn av personellmangel.
– Me manglar fyrst og fremst sjukepleiarar, og me har ikkje fått søkjarar til tre heile og fleire halve stillingar me har lyst ut i vår. Det er bakgrunnen for at driftsstyret har vedteke redusert inntak på sjukestoga og inntaksstopp frå 15.juni ved sjukeheimen, opplyser styrar Ingebjørg Straand til Vest-Telemark Blad.
Artikkelen held fram under annonsen.
I og med at helsesentret for tida ikkje har venteliste, reknar ho med at inntaksstoppen ikkje vil skape altfor store vanskar for eventuelle nye klientar. – Vedtaket er naudsynt for at me i det heile skal greie å avvikle ferien, seier ho.
Les fleire saker fråVTB i 1987 og alle andre årgangar i arkivet her. Ope for alle VTB-abonnentar og dagspass.