Fleire hundre nordmenn ramma av Norwegian-kanselleringar
(©NPK) Norwegian har hatt mangel på besetning i helga, og selskapet kan ikkje love at fleire fly ikkje blir kansellert.
– Vi gjer alt vi kan for å operere i samsvar med ruteplan, men vi kan ikkje sjå bort frå avvik, seier kommunikasjonsansvarleg i Norwegian, Daniel Kirchhoff, i ein e-post til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje kanalen er det fleire hundre nordmenn som no er ramma, fleire av dei på flyplassar i utlandet. Andre sit fast i Noreg og får ikkje komme seg av garde på ferie.
Søndag var seks flygingar frå Gardermoen innstilt.
I fjor måtte Norwegian kansellere 18 flygingar den første helga i juli. Til saman blei mellom 4.000 og 5.000 passasjerar ramma.