Fleire drog kortet i oktober
(©NPK) I oktober blei det utført 154 millionar kortkjøp her i landet. Det er ein vekst på 3,8 prosent samanlikna med oktober i fjor.
Det viser tal frå Nets og BankAxept AS. Betalingskorta blei nytta til å handle for 50,6 milliardar kroner, ein auke på 1 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om det er ein vekst målt opp mot oktobernivået frå 2016, er det ein liten nedgang samanlikna med andre månader i år.
– Statistikken for oktober viser at omsetningsveksten med kort var noko lågare enn dei førre månadene. Spesielt i veke 40, der ein del var på haustferie, seier Stein-Arne Tjore, pressesjef for Nets i Noreg.