Saunasafari i Vest-Telemark: Ski, slalåm og sauna
Har du meir eller mindre ufrivillig hamna på teambuilding-weekend på ei utleigehytte på Rauland? Er du negativt innstilt til langrenn og for stram i hamstring-muskulaturen til å utføre elegante telemarkssvingar? Vil du oppleve natur, utan at det kostar deg blod, berre sveitte? Vit at det finst gode alternativ for deg!
Badstovemeistrane har nemleg tatt turen til vinterdestinasjonen Rauland, nærmare bestemt Vierli. Her har dei kosta på seg ikkje berre ei, men heile to badstover.
«Rauland» og «Møsstrond»
Dei to badstovene som berre ligg eit lite steinkast frå kvarandre, er kalla opp etter lokale destinasjonar og har fått namnet «Rauland» og «Møsstrond». Bygga er forholdsvis enkle, firkanta, men med store vindauge som gjev panoramautsikt utover Uvatn, Farhovd og ei og anna hytte. Genialt nok består bygga av både omkledingsrom og badstove. Ein skal ikkje kimse av å kunne skifte om og henge frå seg jakke og handduk under tett tak. Omkledingsrommet har ikkje dusj, men toalett er tilgjengeleg på Vierli kafeteria i opningstida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Badstovene ligg ein kort gåtur frå parkeringsplassen utanfor Vierli kafeteria, ned forbi barneheisen. Vegen frå badstova til badebryggja er ikkje lang, men det var ikkje hol i isen den dagen badstovemeistrane var på besøk, så me tok badet i snoen. Det var god avkjøling, det òg.
Saunasafari
Så var den her igjen – denne kalde, fine tida. Endeleg! Eller dessverre? Om du er av ein av dei som helst skulle ha knipe att augo og vakna til vårsøg og bjørkeris, har vi løysinga og medisinen klar: Badstove! Forfriskande og avslappande, skjermfritt, helsebringande og ifølgje forsking.no faktisk «like sunt som trening». I regionen vår er både UTV-ar, potensielle datasenter og KI-genererte konfirmasjon- og bursdagssongar i vill vekst. Det same gjeld for badstover. Vest-Telemark husar per no fleire enn 10 badstover.
Gjennom vinteren skal Emilie og Guro, sjølvutnemnde badstovemeistarar, besøke badstovene som har dukka oppi regionen vår – med det mål å inspirere vesttelane til å spenne på seg slåbroken og nyte nokre timar med varme, ro og forfriskande bad.
I dag: Vierli
Ski og slalåm og/eller sauna
Helsedirektoratet tilrår oss alle å sitte mindre stille, men ski er rett og slett ikkje for alle. Det hadde blitt for dumt om nettopp du skulle blitt ståande aleine med oppvasken etter gårsdagens teambuilding-tapas berre fordi alle andre skal ut å nyte naturen med ski på beina. Frå badstovebenken på Vierli kan du faktisk få ei over middels god naturoppleving, utan alpinsko-krampe i leggane. Utsikta frå badstovene på Vierli er slåande vakker!
Velplassert på vinterdestinasjonen Vierli, står altså badstovene fram som anten a) eit alternativ til naturopplevingar på ski, eller b) eit tillegg til, og avslutning på, ein skitur bortover eller nedover. Det sistnemnde er nok meir i tråd med Helsedirektoratet sine tilrådingar enn det første. Og apropos helse, det å ta badstove kan både ha gevinstar og mindre gode sider.
Badstove = trening?
Finsk forsking har ved fleire høve forska på helsefordelar ved å ta badstove, og finn i ein studie publisert i 2018 at effekten av 30 minutt i sauna er det same som mosjon av medium intensitet. Ifølgje Store norske leksikon er det å ta badstove reinsande fordi sveittinga opnar porene. I tillegg motverkar det visstnok både trøyttleik og støle musklar ved å betre blodsirkulasjonen. Det er samstundes verdt å nemne at ein bør gjere ei individuell vurdering av eiga helse før ein skrur opp temperaturen i badstova si. Kombinasjonen varm badstove og kald dukkert kan påverke blodtrykket negativt.
Men uavhengig av fysiske fordelar og ulemper: Å ta badstove kan vere svært godt for både sjela og hovudet. Det er ikkje for utan grunn at badstovepraksisen oppstod for over 2000 år sidan. Dette er ein trend som har kome for å bli.
Kjelder: Forskning.no, Badstue er like sunt som trening
Kjelder: SNL, Badstubad
Artikkelen held fram under annonsen.
Emilie Kristiansen Krog og Guro Stordrange
Badstovetips
Ullsokkar. Sikrar godt grep og god isolasjon under både snøbading og tradisjonell isbading.
Fakta om badstovene på Vierli
Pris: 2 timar for 400,-
Omn: Elektrisk
Passar for: 2-4 personar (ifølge drivarane, men me meiner du fint får plass til 6)
Booking: Rauland skisenter/app
Rullestolvenleg: nei
Oppsummering:
Tilgjengelegheit: 8/10
Skiftemoglegheiter og sanitære forhold: 7/10
Bading: 7/10
Utsikt: 8/10
Arkitektur og utsjånad: 8/10
Totalsum: 7 (av 10) sveittedropar
Tidlegare i denne serien: