Tøflus og nellikspikrar, lysande jolekuler og sukkersøte ballettdansarar er noko av det magielevane Kari Potter, Hermann Gran og Ronja Vill-i nikkersen oppdagar når dei prøver å finne ut korleis gompane i Øyfjell kjem i jolestemning.
Rektor Biesurr på Raudsinutane Akademi for Mystikk og Magi har oppdaga eit hol i gompologi-faget. Rett nok har jolefeiring i trollmannsverda mykje til felles med feiringa i den umagiske gompeverda, men det er ein del ting som gjev gompane jolestemning som trollmenn og hekser ikkje skjønar nokon ting av.
Biesurr sender derfor tre magielevar på oppdrag for å finne ut meir om desse underlege fenomena, og Ronja Vill-i-nikkersen, Hermann Gran og Kari Potter kastar seg på sopelimane for å finne ut meir. Dei møter mange kjente figurar på reisa si, og frå kvar av dei får dei med seg eit jolestemning-objekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blånissane i Øyfjell gjev bort ei raudnisseluve, ungane i Svingen spanderer ein lussekatt, Julius i Snøfall kan avsjå ei lysande jolekule, og Gjertrud gjev opp å få eit kyss av Olaf og donerer mistelteinen til dei tre unge magikarane.
Hymne til Øyfjell
Lærarane Lena Øygarden Gåstjønn og Britt Marie Staaland har i samarbeid med ungane laga både manus og songtekstar til bygdekvelden. Hymne til Blåfjell var ein av tekstane det truleg var ganske lett å skrive om til lokale forhold.
Hør er den beste staden på jorda?
Den beste staden er Øyfjell
Hør er den reinaste, blåaste lufta?
Den reinaste lufta har Øyfjell.
Hør renn det reinaste, blåaste vatnet?
Det renn i bekken i Øyfjell.
Den kvitaste snoen som finst her i verden, er snoen me har i Øyfjell.
Kven lokkar og leikar og lever i Øyfjell?
Me blånissar lever i Øyfjell.
Øyfjell. Øyfjell.
Me blånissar lever i Øyfjell.
På bui til Torild er det skomakargate-stemning og nellik-appelsin å få, hos fire sukkersøte ballettdansarar får dei med seg ein nøtteknekkar-figur, medan dyra i Kakebakeskogen byr på peparkaker.
På vegen gjennom gompebygda hjelper dei dessutan Sonja med ein lumos-formel slik at jolestjerna skin att.
Dessverre får gompane i Øyfjell med seg at tre mystiske ungar flyg rundt på sopelime og stiller merkelege spørsmål, og desse rykta har lokalavisa fanga opp og sett på trykk. Rektor Biesurr sender derfor ut tre professorar for å justere minna til gompane.
Samstundes har dei tre magielevane køyrd seg fast hos Høggaren, for dei klarte å knekke sopelimen då dei landa der, og utan den kjem dei seg ikkje heim att.
Høggaren prøver å trøyste dei med litt ferdigpizza, men dei takkar nei. Då dreg Høggaren på seg Thanos sin magiske hanske og sender elevane heim til akademiet – med sekken full av gompejolestemning.
– Det lyser jo av dei
Den fyrste bygdekvelden i Øyfjell vart skipa det året grendehuset stod ferdig, attende i 1981. Sidan det har dette store tverrfaglege skuleprosjektet vore eit fast innslag så og seie kvart år.
Artikkelen held fram under annonsen.
I publikum sit det mange frå tidlegare elevgenerasjonar, som veit korleis det er å stå bak sceneteppet og høyre stemmesurret auke på medan stolradene fyllest opp.
– Eg kjenner den kjensla i magen berre eg kjem inn i salen her på trim, smiler ein tidlegare elev som nå sjølv er mor og tilskodar.
Midt på dei fyrste stolradene sit dei to som er bygdekveldens mødrer. Ingrid Britt Teie Hestdalen og Tone Lognvik har vore med på å stelle til brorparten av dei over førti framsyningane som har vore gjennom åra. Det er nokre år sidan Hestdalen pensjonerte seg, men for Lognvik er det fyrste året på sidelina.
Heilt på sidelina greidde ho likevel ikkje å vere, for i går kom ho på at det ikkje var sikkert at nokon hadde tenkt på at det vert mørkt på sjølve framsyninga. Manuslampa dei har brukt i alle år har jo ho tatt med heimafrå.
– Det hadde dei ikkje tenkt på. Så då tok eg ho med, seier Lognvik og nikkar mot lampa som står midt framom scenen. Så vert det mørkt i salen, og framsyninga tek til.
Over to timar med song, skodespel og dans seinare reiser dei to damene seg og klappar og jublar saman med resten av den fullsette salen.
– Så moro, og så på unganes premissar, rosar Hestdalen.