Eit kjært gjensyn med den gamle tradisjonen. – Eg elskar joletrefest! Det er så moro
Både store og små samla seg til song, dans og leik – og for fleire vart det eit kjært gjensyn med den gamle tradisjonen.
Det var høg stemning og glede i lufta på Vinjehuset då Folkedakademiet arrangerte årets joletrefest for både store og små. Kring 80 festglade deltakarar var samla for å oppleve den kjente og kjære tradisjonen – og det var ikkje berre ungane som såg ut til å stortrivast.
– Eg skoftar aldri!
Vigdis Gardsteig Kaasa har delteke på joletrefest så lenge ho kan minnast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg elskar joletrefest! Det er så moro, smiler ho.
Ho synest det er spesielt moro å sjå at ungane har det så artig.
Sjølv om ho ikkje har med eigne barnebarn i år, stiller ho trufast opp på festen.
– Eg skoftar aldri!
Ho fortel at det å reise på joletrefest som barn var jolas høgdepunkt.
– Det var moro med nye klede og sjå kva dei andre hadde på seg også. Det einaste som ikkje var bra var snerken på kakaoen. Så det er kanskje like greitt at det ikkje blir servert lenger, smiler ho.
– Det er moro å treffe vener
Tarjei (9) og Tuva Malene Tveiten (8) er på joletrefest saman med mamma Susanne Lien.
Tarjei seier han vore på mange joletrefestar tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var i fjor og året før det. Eg har nesten vore kvar gong, seier han.
Korleis er det på joletrefest da?
– Det er gøy, seier Tarjei.
– Eg synest også det er gøy, seier Tuva Malene.
Kva er det som er moro da?
– Det er moro at nissen kjem, seier Tuva Malene.
– Eg synest det er gøy å møte vener. Før var nissen best, men no synest eg det er veldig moro å treffe vener, seier Tarjei.
Susanne synest joletrefesten er koseleg og eit fint avbrekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er moro for ungane. Og ein er mykje med familien i jola, så det er godt å lufte seg litt blant andre også, seier ho.
Godt oppmøte
Signe Marie Kittelsaa fortel at Folkedakademiet har arrangert joletrefest sidan skulen slutta med det.
– Me fann ut at me måtte ha ein joletrefest, og det har vore ein ganske fast gjeng som har møtt opp gjennom åra.
Blant dei som har vore med lenge er Vegard Omdal, som spelar piano, og Nina Rostin Svendsen, som har vore med som forsongar i mange år.
Kittelsaa seier programmet kan variere litt år for år, men at det er visse ting som må vera med.
– Sviving, nisse og ikkje minst den lange kaffi- og kakepausen, så ungane kan springe og leike, seier ho.
Ho synest oppmøtet i år var veldig bra.
– Me har dekt til 80, og eg trur det er omtrent så mange her.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føreseieleg konsept
Vegard Omdal omtalar seg som veteran på joletrefest.
– Det er tradisjon. Eldste dotter vår er 43 og eg trur eg byrja å spele då ho byrja å gå på joletrefest. Så det byrjar å bli nokre år, smiler han.
Han synest det er ein koseleg tradisjon.
– Og konseptet er fullstendig føreseieleg, ler han.
Han er nøye med å tilpasse musikken, slik at det blir moro for både små og store.
– Ein må ha litt rytme og litt fart, elles sloknar dei, seier han med eit smil.
Hytteturistar med ny tradisjon
Det var ikkje berre bygdefolk som hadde tatt turen til Vinjehuset. Også hytteturistar frå Rauland ville ha med seg stemninga ein joletrefest kan skape.
– Det er jo koseleg med joletrefest, smiler Marianne Lie Øie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har med seg to døtrer, ein svigerson og to barnebarn.
Dette er andre året dei deltar på joletrefesten. Det var dottera Stine Lie Øie som i fjor fann ut at det var eit slikt arrangement i Vinje.
– Det dukka opp på Civis-appen at det var joletrefest. Me var litt usikre på om me fekk lov til å koma, men så prøva me oss. Det var så hyggeleg i fjor at me hadde lyst til å gjera det i år også, seier ho.
– Før var joletrefest det heilt store. Det har blitt mindre av det, så når me oppdaga dette i fjor, så var det veldig moro. Det er ein del av jola, seier Marianne.
Barna Julie og Kayla Øie Halvorsen synest også det er fint å vera på joletrefest.
– Det er gøy, seier Julie.
Stine legg til at det er fint å ha ei oppleving saman og gjera noko anna enn å berre vera på hytta.
Har de starta ein ny tradisjon med å vera på joletrefest i Vinje?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er på andre året no, så det er vel tradisjon når det blir tredje året, seier Alexander Halvorsen med eit smil.
– Me kjem til å feire romjol her fleire år, så dette kan bli ein del av det, seier Marianne.
– Ja, det blir nok eit fast innslag, smiler Stine.