Joletrefest i Åmotsdal: Joleevangeliet, quiz og sjølvsagt gang rundt joletreet
Bygdefolket i Åmotsdal samla seg til den årlege joletrefesten 4. joledag. Det var ein kveld fylt med song, kaker, underhaldning og mange smil.
Bygdefolket samla seg til den årlege joletrefesten i Åmotsdal 4. joledag. Denne koselege tradisjonen er eit resultat av eit godt samarbeid mellom kyrkja og pinsemeinigheita Betel, som i mange år har arrangert festen saman.
– Me har gjort dette i mange, mange år, og det er ein tradisjon me set veldig pris på, seier Britt Toril Rinde, som er ein av arrangørane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marita Byggstøyl Dyrland synest det er fint at det blir arrangert joletrefest i bygda.
– Det er viktig å stille opp på det bygda steller til, seier ho.
– Nesten som i gamledagar
– De kan glede dykk til litt forskjellig, sa Åsbjørg Moland då ho ynskte velkommen til dei frammøtte.
Og som lova: det vart både underhaldning og hygge. På programmet var det både skodespel, der joleevangeliet vart fortald, quiz, og sjølvsagt gang rundt joletreet.
Moland synest innsatsen på joletregangen var svært god. Det var små og store arm i arm, og latter og song.
– Det var nesten som i gamledagar, seier ho.
Kakene er eit høgdepunkt
Som vanleg vart det servert kaffi, saft og heimebakst. Kakebordet er det bygdefolket som står for.
– Det er så koseleg med joletrefest, smiler Signe Dyrland, som synest kakene er eit høgdepunkt på festen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Øyunn Groven, som fylte åtte år nettopp denne dagen, var heilt einig.
– Bollane og kakene er det beste, seier ho fornøgd.
Ni år gamle Christoffer Olsen var på joletrefest for fyrste gong, og han syntest det var spennande og moro.
– Eg synest det er bra, seier han med eit smil.
Samhald i bygda
Ei som har mange minner frå tidlegare joletrefestar er Sigrun Dyrland Eidal, som har vore med på desse festane kvar einaste jol.
– På 60-talet var det heile tre joletrefestar å vera med på, fortel ho. Det var ei tid då det ikkje var så mykje anna som skjedde, og joletrefestane var noko alle såg fram til. Det er ein fin tradisjon, så eg håpar ikkje det døyr ut, seier ho.
Hege Audny Dyrland er einig.
– Det høyrer liksom jola til, og det er veldig koseleg å gå rundt joletreet og synge jolesongar, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingebjørg Valhovd synest det viser eit samhald i bygda, og synest det er fint at også folk utanfrå bygda kjem.
– Det er veldig koseleg, seier ho.
Helene Skori og Synnøve Olavsdotter Valhovd oppsummerer kvelden slik:
– Det har vore veldig fint, alt har vore bra. Det er koseleg å treffe folk og ha det fint saman.