Januar: Fyresdal kommune har brukt mykje pengar på å utvikle Hamaren aktivitetspark og etablere denne tretoppvegen. Prosjektet fekk heiderleg omtale frå DOGA for inkluderande design. Foto: Privat Året som gjekk – Fyresdal Februar: Fyresdal formannskap løyver 45 000 kroner til Napevegen veglag som tilskot til å etablere digital bom i staden for dagens betalingsordning. Endringa gjer at også busette i Fyresdal må betale for å køyre den private vegen over til Fjone. Foto: Geir Ufs Mars: Visualisert bilde frå søknaden til Solgrid AS som viser korleis det kan bli i området ved å plassere over 22 000 solcellepanel på austsida av flyplassen og industriområdet Molandsmoen. Foto: Skjermdump April: Statsforvaltaren sa nei til å dele driftseininga Liarheim (bildet) i Hegglandsgrend i Fyresdal og Heddersvik i Kviteseid. Då varsla advokaten til søkjarane at dei vurderer å reise sak for domstolane. Foto: Geir Ufs Mai: Trine Skålid bytta ut jobben som sjukepleiar med å drive eigen butikk i Fyresdal sentrum. Foto: Geir Ufs Juni: Det har vore butikk i Hegglandsgrend i meir enn 100 år, men så blei drifta lagt ned før sommarferien og det var opphøyrssal. Foto: Geir Ufs Juli: Husbanken løyvde 950 000 kroner til utvikling av Århusjordet (midten) – prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer for å auke tilgangen på bustader. Foto: Privat August: Svein Slyngstad har vore leiar i Fyresdal ungdomsklubb i tjuefem år, og ser mykje til unge fyresdølar mellom ti og seksten år. Foto: Geir Ufs September: Olav B. Haug (t.h.) og Øistein Johannessen er glade for at dei fekk kjøpe sirkelsagbruket på Veum, då enda ikkje sagbruket opp i Trøndelag likevel. Foto: Geir Ufs Oktober: Monica Sølyst (t.v.) og Birgith Reinskås Lunden danna selskap som skal jobbe med mellom anna positive prosjekt for folk og naturen. Foto: Geir Ufs November: Ordførar Erik Skjervagen orienterte formannskapet om at det er skrive avtale som gjer at kommunen ikkje kan stoppe ein av verdas største datasenteraktørar frå å etablere seg i bygda. Foto: Geir Ufs Desember: Bendik Momrak eig det raude bygget som har fem leilegheiter. I nærområdet er planen hans at det skal kome fire bustadhus. Foto: Geir Ufs Les også Året som gjekk – Kviteseid Les også Året som gjekk – Nissedal Les også Året som gjekk – Tokke Les også Året som gjekk Seljord Les også Året som gjekk – Vinje Geir Ufs geir.ufs@vtb.no Publisert: 31.12.2024 05:30 BILDESERIAR BILDESERIAR NYHENDE BILETSERIAR KULTUR Fyresdal