I to år har storfelagera i Noreg hatt store overskot. For å få bukt med overskotet vil Nortura no at alle som slaktar kalv skal få 2500 kroner ekstra per dyr i tillegg til det vanlege slakteoppgjeret. Arkivfoto: Morten F. Holm / NTB

Skal få ned kjøtlagera: Gjev 2500 kroner ekstra for kvar kalv som blir slakta

For å få bukt med overskotet av storfekjøt på lager vil Nortura no at alle som slaktar kalv skal få 2500 kroner ekstra per dyr i tillegg til det vanlege slakteoppgjeret.

Leiar for Nortura Totalmarknad, Ole-Nikolai Skulberg, har tru på at kalveslakting kombinert med ulik prising for slakt vil få storfemarknaden i betre balanse i år.

– Gjennomsnittleg slaktevekt er redusert med rundt ti kilo samanlikna med 2022. Kombinert med kalveslakting meiner vi prisinsentiva er på eit nivå som gir tilstrekkeleg effekt, seier Skulberg til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjøtprodusent og Høgre-politikar Kristian Hovde i Brumunddal i Innlandet er usamd i strategien til Nortura.

– Så store lagar kostar masse pengar, samtidig som ein marknad i ubalanse reduserer prisen til bonden. No må vi ta grep for å få løyst denne situasjonen. Eg er mildt sagt oppgitt over at kalveslakting er verkemiddelet vi tek i bruk i denne situasjonen. Kva skal vi med å betale bønder for å slakte kalv når det ikkje finst nokon avgrensing på kor tunge oksane kan vere, seier Hovde til avisa.

Han meiner storfenæringa må lære av svinenæringa.

– Når det er for mykje svinekjøt, så set næringa avgrensingar på kor tunge slaktegrisene kan vere, dei byrjar ikkje å slakte smågris, seier Hovde, som også er svinebonde.

(©NPK)