Ombyggingsarbeid: Arbeidet starta opp etter påske i 2023 og vart ferdigstilt i desember 2024. Ombygginga vil auke driftstryggleiken og stasjonen er klar for framtidig spenningsoppgradering til 420 kV.

Har fullført omfattande oppgradering av den 60 år gamle Songa-stasjonen

Statnett har ferdigstilt eit omfattande prosjekt ved Songa koplingsstasjon i Vinje, som har fått nytt kontrollbygg og oppgradert teknisk utstyr. Oppgraderinga vil mellom anna styrke straumforsyninga frå Vestlandet til Austlandet.

Det melder Statnett på heimesida si.

Ein koplingsstasjon er eit anlegg som sørgjer for kopling og distribusjon av elektrisk straum utan å endre spenninga. Koplingsanlegg distribuerer krafta til ulike område og koplar leidningar, transformatorar, generatorar og kompenseringsanlegg inn og ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Statnetts områdeplan for Telemark og Vestfold blir det skildra ei trinnvis utvikling av straumnettet i regionen, og Songa inngår i byggetrinn 1 av totalt 5 i områdeplanen.

Songa koplingsstasjon vart bygd i 1964, og sjølve kontrollanlegget er frå 1990 og var samlokalisert i fjellanlegget til Statkraft. Anlegget hadde nådd slutten av si tekniske levetid, og derfor har Statnett bygd eit nytt kontrollbygg og bytt ut tekniske komponentar som ikkje lenger oppfylte dagens krav. Det har også vorte installert eit nytt sikringsgjerde rundt stasjonen, bygd ein ny garasje, og vegen til stasjonen har vorte lagt om.

Lagt om vegen: I tillegg til nytt kontrollbygg har det også vorte bygd ein ny garasje, nytt sikringsgjerde rundt stasjonen og vegen til stasjonen er lagt om.

Arbeidet starta opp våren 2023 og vart ferdigstilt i desember 2024. Statnett har engasjert Skorve entreprenør for grunn- og byggearbeidet, medan Siemens har levert det nye kontrollanlegget. Statnetts eiga driftsgruppe har hatt ansvar for utskifting av teknisk utstyr, og arbeidet har vorte utført i koordinering med Statkraft.

Endringa frå det gamle kontrollanlegget til det nye vart gjennomført utan at stasjonen vart teken ut av drift, og prosjektet vart fullført seks månader før planlagt.

– Ved å bygge om, sikre og fornye viktige anlegg på Songa koplingsstasjon, har Statnett fått eit moderne og driftssikkert anlegg, som har lågare risiko for utfall og kortare reparasjonstid ved feil. Stasjonen er viktig for overføring av kraft frå Vestlandet til forbruksområda i aust, og eit nytt kontrollbygg er oppført og tilrettelagt for framtidig drift på 420 kV, opp frå dagens 300 kV, blir byggeleiar Asgeir Midtbøen referert på statnett.no.

Fleire planar i Statnetts områdeplan

Statnetts transmisjonsnett på 300 kV i Vest-Telemark er gamalt, og vart opphavleg bygd for å få krafta ut frå vasskraftverka i regionen. Eit sterkt transmisjonsnett i denne regionen er viktig for straumforsyninga på Austlandet, særleg om vinteren når både forbruk og belastning på straumnettet er størst.

Som ein del av områdeplanen arbeider Statnett for å oppgradere nettet i Vest-Telemark, slik at spenninga kan hevast til 420 kV for å auke kapasiteten. Songa koplingsstasjon er no førebudd på denne framtidige utviklinga. I dei komande åra vil fleire stasjonar og leidningar bli oppgraderte for å mogleggjere spenningshevinga. Denne oppgraderinga vil også leggje til rette for eventuelle framtidige effektutvidingar i eksisterande vasskraftverk i Vest-Telemark.