Snart blir det NM. – Alt frå mosjonistar til verdseliten
1. og 2. februar blir det NM i skiorientering i Høydalsmo. Arrangørane håpar på minst 200 deltakarar i publikumsklassene kvar dag.
– Me håpar at det er nokon rundt omkring i Vest-Telemark som vil vere med, seier Asbjørn Byggland frå Høydalsmo IL.
Idrettslaget har tatt på seg oppdraget med å arrangere NM i skiorientering for junior og senior, og Hovudløp for 14- og 16-åringar 1. og 2. februar.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg blir det klasser for alle som vil prøve seg, såkalla publikumsløp. Det er her Byggland håpar skiglade vesttelar finn fram skia og blir med. Han fortel at alle som kan gå på ski kan vere med i publikumsklassene.
Skiorientering er orienteringsløp på ski. Området som skal bli brukt er dei faste løypetraseane i skiområdet i Høydalsmo, og i tillegg blir det skuterløyper på kryss og tvers.
– Det blir eit edderkoppnett av løyper oppi her, seier Ketil Kvaale, som er løpsleiar.
– Det blir om og gjere å velje den kortaste vegen, legg han til.
Deltakarane får delt ut kart og leigd utstyr til å ha kartet festa på brystet.
Proff hjelp frå Vestfold
Høydalsmo har arrangert NM i orientering før, sist i 2018, men det er fyrste gong dei arrangerer NM i skiorientering. Det er Byggland som er initiativtakaren, og dei lokale eldsjelene fortel at dei aldri hadde kunne ha eit slikt arrangement utan eldsjeler i miljøet frå Vestfold.
– Me får profesjonell hjelp til å lage skuterløyper, til tidtaking og kartproduksjonen, fortel dei.
Totalt blir det mellom 20-30 kilometer med løyper, køyrt opp av både skuterar og trakkemaskiner.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette hadde heller ikkje vore mogleg utan veldig positive grunneigarar som gjer det mogleg å køyre opp løyper. Og sjølvsagt dugnadsinnsatsen frå idrettslaget, legg Kvaale til.
Mosjonistar og verdselite
Påmeldinga til løpet er alt i gang, og dei reknar med at minst 200 løparar vil delta kvar dag i publikumsklassene som er for alle i alle aldrar.
– Her blir det alt frå mosjonistar til verdseliten, seier Byggland.
Det er heller ingen nedre aldersgrense, deltakarane må kunne gå eit par kilometer på ski. Om det er ungar som vil gå kan dei også ha med seg foreldre, om dei treng litt bistand undervegs.