Førti år med nedpå-diakoni. – Ein kan ikkje vere høg på pæra
Det er førti år sidan den fyrste diakonen i Vest-Telemark vart vigsla. Dei to som har hatt denne stillinga er nokså samde i kva som er viktig i diakonalt arbeid.
– Ein kan ikkje vere høg på pæra, eller opptre som verdsmeister, om ein skal vere ein god diakon, seier Per Emanuelsen.
Det er førti år sidan han vart vigsla som den fyrste prostidiakonen i Noreg — i Nissedal kyrkje. For å markere det hadde dagens prostidiakon Eilev Erikstein, i godt samarbeid med sokneråd og diakoniutval, invitert til kaffi og kaker, og ei samtale om diakoni i den same kyrkja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit prøveprosjekt
Erikstein fortel litt om korleis stillinga vart til. Om korleis det tidleg på 80-talet vart arrangert diakoni-samlingar og kurs, og at det i 1984 vart danna ein komite som skulle jobbe for å prøve å få til ei stilling som prostidiakon i Vest-Telemark. Med i komiteen var nissedølane Odd Roar Bøe og Torgeir Nordal. Dei fortel om turar til Oslo, om møte med kyrkjedepartementet og kyrkjerådet, med biskopen, og med Kjell Magne Bondevik – som den gong var kyrkjeminister.
– Me fekk skryt for éin ting. Og det var for at rapporten vår var så kort, fortel Bøe.
På ei og ei halv A4-side hadde dei greidd ut behovet for ei felles diakonstilling i Vest-Telemark. Og det var dei som skulle lese rapporten glade for.
– For då kunne dei lese heile, ler han.
Statsråd Bondevik var positiv til å prøve ut denne stillinga i kyrkja, og hausten 1984 godkjente bispedømerådet eit femårs prøveprosjekt i Vest-Telemark. Ikkje lenge etter blei Per Emaunelsen tilsett i stillinga som prostidiakon i Vest-Telemark.
Sørlendingen flytta til Dalen.
– Kona lova at ho kunne bli med i fem år, fortel han.
Emanuelsen blei i stillinga i seks. Så tok Eilev Erikstein over.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har lært mykje
– Eg har lært mykje av Per, seier Erikstein.
Blant anna dette som han kallar for nedpå-diakoni.
– For ein må vere litt nedpå, seier Erikstein.
Emanuelsen var oppteken av krisearbeid og likte godt å møte folka i fangeleirane. Han starta også opp med å skrive diakonispalta i Vest-Telemark blad.
Alt dette følgde Erikstein opp, då han tok over som prostidiakon i 1990.
Han omtalar Emanuelsen som uredd.
– Av Per har eg lært å gå til topps med ein gong. Så om ordførarane eller rådmennene har opplevd å få besøk av meg, så er det fordi eg har lært det av Per, ler diakonen.
Emanuelsen legg ikkje skjul på at det også var utfordringar. Prestane var ikkje vane med å ha ei anna kyrkjefagleg stilling ved sidan seg, og fleire reagerte på denne nye måten å jobbe på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg innførte blant anna noko så ukristeleg som avspasering.
Han meiner det er noko alle tilsette i kyrkja forheld seg til i dag.
– Men det gjorde dei ikkje i 1985, seier han.
Emanuelsen, som framleis jobbar som diakon, er raus når han omtalar kollegaen sin i Vest-Telemark. Han meiner Erikstein er kunnskapsrik, audmjuk, lettvinn, uhøgtidleg, tilgjengeleg, har lett for å kome i kontakt med folk, er dyktig på sorg og kriser, og trygg i møte med folk.
– Og alle desse eigenskapane må ein nesten ha om ein skal vere ein god diakon, seier han.
Den fyrste diakonen i Vest-Telemark er også oppteken av at ein må kunne sette naudsynte grenser. At ein både må kunne seie ja og nei.
– Det er livsnødvendig for å halde ut, seier han.