Blir ny rektor på Bø vidaregåande skule

Anlaug Aase (53) har takka ja til tilbod om stilling som rektor på Bø vidaregåande skule.

Det melder Telemark fylkeskommune i ei pressemelding.

– Bø vidaregåande skule er ein god skule for både elevar og tilsette. Dette ønskjer eg å vere med på å føre vidare, saman med elevane og tilsette, seier Aase, som har budd i Bø dei siste 30 åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho gler seg til å fatt på den nye jobben sin. Også fylkessjef for utdanning, Helge Galdal, er fornøgd.

– Det var fleire gode kandidatar blant søkjarane, men eg er trygg på at Anlaug er rett kandidat til å løfte skulen vidare.

Aase har ei mastergrad i idrett og friluftsliv med diverse tillegg innan leiing og pedagogikk. Ho var lærar ved Nome videregående skole i kroppsøving og samfunnsfag i 18 år (1996-2014) før ho hjelpte den fylkeskommunale administrasjonen med den regionale planen for oppvekst og utdanning og andre utviklingsoppgåver i perioden 2014-17.

Aase gjekk vidare til stilling som assisterande rektor og etter kvart rektor ved Bø skule i perioden 2017-2023. Frå 2023 har ho vore avdelingsleiar for idrett ved Hjalmar Johansen videregående skole.

Bø vidaregåande skule rekrutterer mange elevar frå Vest-Telemark, spesielt Seljord. Om lag 1 av 3 seljordingar vel skulen i Midt-Telemark når dei går ut av 10. klasse, viste tal VTB presenterte i 2021.

Les også
Om lag halvparten av skuleelevane i Vest-Telemark går på skule utanfor regionen