Seniorsenter på ungdomsklubben: Mange samla seg til opning av Rauland seniorsenter.

Vellukka opning av Rauland seniorsenter

Måndag fylte gamle Sondovbui i Rauland sentrum seg med i overkant av 50 yngre og eldre seniorar.

Aldersspennet blant dei frammøte var på over 30 år, noko som illustrerer godt at seniorar ikkje er ei einsarta gruppe. God fordeling av karar og kvende benka seg rundt nyinnkjøpte kafébord, ungdomsklubben sine sofa-grupper, og fleire bord og stolar måtte til for at alle dei frammøte skulle få plass.

Styret for senteret, som består av frivillige seniorar, serverte kaffe, nysteikte vaflar og kaker. Leirar i styret, Sissel Jacobsen Bitustøyl, ynskte velkommen og presenterte intensjonen med tilbodet. Prosjektleiar for Folkehelseprosjektet «Liv og røre for eldre i Vinje» Anne Marie T. Loftsgarden, fortalde om bakgrunn og føremålet med tilbodet, og ordførar, Jon Rikard Kleven, helsa det nye tilbodet velkommen. Han la vekt på verdien av fellesareal med ungdomsklubben. Og for å vere sikker på at sambruken mellom ungdom og seniorar ikkje vil skape irritasjon og konfliktar, overrekte han støvsugar til brukarane slik at dei kan rydde etter seg før ungdommen kjem og overtar arealet på ettermiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauland seniorsenter er ein pilot for seniorsenter i Vinje, og vil ha ope kvar måndag framover våren. Ved inngang til sommaren skal tilbodet evaluerast, og vidare drift av tilbodet i Vinje kommune vurderast.

Pilot: Rauland seniorsenter er ein pilot for seniorsenter i Vinje, og vil ha ope kvar måndag framover våren.