Skilegende følte med Halvor: – Eg har det tungt akkurat no

FIKK LØPET ØYDELAGT: Halvor Utistog Kleiv fekk vinterens store mål øydelagt med dårlege ski i NM. Bildet er tatt i eit anna renn.

– Det var ikkje slik eg hadde sett for meg at det skulle bli på vinterens viktigaste dag, sa Halvor Utistog Kleiv etter at tikilometeren i NM i langrenn var over.

Vinje-guten fekk rikeleg med TV-tid. Men det var for alt anna enn gode sportslege prestasjonar denne gongen. Det handla om at Halvor hadde heilt håplause ski. Det var så mykje is og snø under skia at 21-åringen vurderte det som farleg å halde fram. Han fall på flat mark og hadde ingen moglegheit til å få framdrift. Det fekk legenda Martin Johnsrud Sundby og den tidlegare sveitsiske landslagstrenaren Fredrik Aukland til å reagere då Halvor kom.

Begge var klare på at dei følte med den lovande vesttelen som hadde fått løpet sitt øydelagt. Halvor la ikkje skjul på at han trong tid til å bearbeide skuffelsen. Den klassiske tikilometeren i NM var nemleg hovudmålet for den hardtsatsande 2003-modellen. Helt sidan fjorårets NM har Utistog Kleiv hatt milløpet på Gåsbu langrennsarena på Vang i tankane. Det har han òg hatt på mange av treningsøktene gjennom sommaren, hausten og vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk orsaking frå smørjarane

– Det verkar som det er mange som har fått med seg at eg hadde håplause ski og sleit. Det var rett og slett skummelt å gå diagonalgang eller stake, ettersom det var så mykje is og snø under skia. Det førte til at eg stupte framover når eg prøvde å få framdrift. Eg likar ikkje å bryte skirenn. Men denne gongen følte eg ikkje at eg hadde noko reelt alternativ, sa Halvor til Vest-Telemark blad då den verste skuffelsen hadde sleppt taket.

– Kva sa dei som hadde lagt smurning under skia og bomma totalt?

– Eg fekk ei orsaking frå smøreteamet til regionslaget Team Oslofjord som eg kjøper smøretjenester frå. Dei var leie seg for at dei ikkje hadde levert betre ski. Eg merka at skia var langt frå optimale då eg testa dei. Det gav eg tilbakemelding til smøreteamet om. Dermed justerte dei smurningen. Litt av utfordringa var at det var vekslande føre og det var forskjell på snøen inne på stadion og ute i løypa, sa Halvor, som ikkje ville henge ut smørjarane.

Har fått spolert viktige renn

Det er dessutan ikkje berre i NM at Utistog Kleiv har slite med dårlege ski i vinter. Det blei òg smørebom i noregscupopninga på Gålå, som før sesongstart var peika ut som sesongens nest viktigaste renn. Heller ikkje på Beitostølen trefte smørjarane. Det er derfor forståeleg at Halvor er spent på fortsetjinga.

– Kan det ha noko med skiparken å gjere, og kva med resten av sesongen?

– Eg føler at eg har ein bra skipark. Det er nok ikkje der problemet ligg. Akkurat no er det tungt. For eg har investert både mykje tid og pengar med tanke på at eg skulle prestere best mogleg i NM og på Gålå. Då er det både keisamt og frustrerande at det endar opp på den måten som det gjer. Eg må innrømme at eg er litt motlaus akkurat no, sa klassisk-spesialisten.

Motivert for vidare satsing

– Kva betyr dette for motivasjonen i høve vidare satsing, Halvor?

– Det er nesten slik at eg blir både revansjesugen og meir motivert enn eg har vore. Eg trur i alle fall at eg vil bli det når eg får rennet litt på avstand. No handlar det kanskje om å finne seg nye mål ettersom det framleis er mykje igjen av sesongen. Det er 20 kilometer duatlon i NM på laurdag. Der har eg ikkje dei same forhåpningane. Men eg skal gjere mitt beste, sa Halvor.

Artikkelen held fram under annonsen.