Fylkesvinnarar: Kristine Neverdalen Brateng, Mika Kleve og Sofie Ofte vart fylkesvinnarar av Klassequizen i Telemark.

Denne trioen sytte for at Høydalsmo skule skal representere Telemark i den nasjonale finalen

Det måtte utslagsrunde til for å avgjera kven som skal representere Telemark i den nasjonale finalen i Klassequizen på NRK. Sofie Ofte, Mika Kleve og Kristine Neverdalen Brateng frå Høydalsmo skule trekte det lengste strået, og vart med det fylkesvinnarar.

Denne veka var det klart for fylkesfinalen i Klassequizen i Telemark. Fem skular frå heile fylket møttest for å kjempe om den ettertrakta tittelen som fylkesvinnar. Etter ei spennande kvalifisering der 39 skular har deltatt, var det dei fem beste som var samla i Brekkeparken i Skien, der finalen blei arrangert.

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for tiandeklassingar, og det er stor prestisje i å kome vidare til finalen. Årets utgåve har over 650 skular påmeldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finalen var delt opp i fire kategoriar, kvar med tre spørsmål. Deltakarane fekk 30 sekund tenketid på kvar kategori. Etter å ha gjennomført alle dei fire kategoriane, stod det heilt likt mellom Skauen kristelige skole og Høydalsmo skule. Begge laga hadde 11 av 12 poeng.

Med lik poengsum måtte det til ein utslagsrunde for å avgjere kven som skulle gå av med sigeren. Det var Høydalsmo skule som til slutt trekte det lengste strået og er dermed fylkesvinnarane i Klassequizen for Telemark 2024.

Konsentrerte: Mika, Sofie og Kristine svara rett på utslagsspørsmålet, og stakk av med sigeren. – Då var me heilt i hundre, seier dei.

Samla heile skulen

Berre tiandeklasse og nokre få lærarar har visst at det var Høydalsmo som gjekk av med sigeren. Dei har halde det hemmeleg i tre dagar.

Heile skulen samla seg i gymsalen og høyrde på radiosendinga til NRK fredag morgon. Undervegs fekk dei stor applaus for kvart rette svar dei hadde. Då det til slutt vart klart at Høydalsmo skule gjekk av med sigeren, stod jubelen i taket og songen «We Are the Champions» runga utover salen.

Glede: Jubelen stod i taket då det blei klart at Høydalsmo vart vinnar av Klassequizen i Telemark.

Feiringa heldt fram med marsipankake, blomar og taler frå kommunalsjef for oppvekst, Tone Lunde Skaalen og ordførar Jarand Felland. Ordføraren hadde med fem krukker honning til dei – slik at dei skal halde seg friske fram til finalen.

Tale og honning: Ordførar Jarand Felland og kommunalsjef for oppvekst, Tone Lunde Skaalen kom med lykkeønskingar, blomar og honning.

– Har «knocka» ut heile Telemark

Det går åtte elevar i tiandeklasse, og Høydalsmo er ein av dei minste ungdomsskulane i fylket.

Glad tiandeklasse: F.v. Olaf Berg, Kjetil Tveito Skjævesland, Ann Hege Lofthus Lid, Sofie Ofte, Kristine Neverdalen Brateng, Mika Kleve, Knut Aslak Kovajord Olsnes, Bjørn Olav Kovajord Olsnes og kontaktlærar Ingunn Furuvald.

Rektor Dordi Iren Fosse Didriksen var svært stolt.

– Dette er så gøy! Dei har «knocka» ut heile Telemark, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre hovudpersonane synest også det heile er veldig moro.

– Det var veldig spennande og det var overraskande å vinne, seier Sofie.

– Eg trur ikkje det har sokke heilt inn, seier Kristine.

Dei fortel at dei fekk omvising i Telemark Museum si utstilling «Alt er ditt», der tre av spørsmåla i finalen var direkte knytt til det dei fekk lære om under omvisinga.

– Då hadde me ein taktikk om kven som skulle hugse kva, seier Kristine.

– Og så brann me oss på det fyrste gongen, at me ikkje høyrde på Mika, så denne gongen gjorde me det, seier Sofie.

– Me var heilt i hundre

Utslagsspørsmålet var kva for fotballklubb som har Lerkendal som heimebane.

– Det var berre gjetting, seier Kristine. Eg skreiv berre Rosenborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tenkte det var køyrd, men så ser me lærarane våre, og dei smiler og viser tommel opp, seier Sofie.

– Når me vann så var me heilt i hundre! Me spela Rosenborg-songen mange gonger på veg heim, ler dei.

Fellesskap: Heile klassa var med å skjera fyrste stykket av kaka.

Dei vedgår at det var vanskeleg å halde det hemmeleg for resten av skulen.

– Mange har spurt korleis det gjekk, og me måtte berre svare at det gjekk greitt, smiler Sofie.

Dei tre tiandeklassingane gler seg til å reise til Oslo i februar. Der skal seks lag konkurrere mot kvarandre, der vinnaren går vidare til den store hovudfinalen i mars. Finalane blir sendt på NRK 1 i april.

– Me gler oss veldig. Det blir ei oppleving me ikkje hadde fått elles.

Skal de øve på noko spesielt framover?

– Me øver på quiz, og brukar litt tid på det kvar dag, seier Kristine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så skal me halde fram med å høyre på Mika. Han er ein riddar i skinande rustning, ler Sofie.

Feira med kake: Sofie, Kristine og Mika er glade vinnarar og ser fram til ny konkurranse i februar.

Kontaktlærar Ingunn Furuvald er også glad og stolt.

– Detta er veldig moro! Elevane er veldig flinke og engasjerte. Dei har eit breitt spekter, og dei utfyller kvarandre godt. Og så er det veldig moro at me har greidd å slå dei andre skulane i Telemark. Eg kunne ikkje vore meir stolt, smiler ho.

Furuvald legg også til at heile prosessen med Klassequizen skaper ei fellesskapskjensle hos klassa. Dette er noko alle tar del i.

Ho fortel at dei har gått inn i dette med veldig låge skuldrer, men at dei kjem til å øve litt meir framover.

– No er konkurranseinstinktet tent, smiler ho.