Til topps: Elisabeth Nordskog frå Skafså er noregsmeister i kvinneklassa i online poker.

Elisabeth (32) er noregsmeister i poker. – Eg svevar på ei sky

Elisabeth Nordskog frå Skafså blei måndag krona som online noregsmeister i poker.

– Eg fattar det ikkje!

Elisabeth Nordskog svevar framleis på ei sky når VTB får tak i henne onsdag ettermiddag. Då har det gått snaue to døgn sidan ho i leilegheita heime i Trondheim kunne juble høgt – heilt aleine – etter å ha vunne Ladies Event i Online Poker North Masters 2025.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det blei ein dramatisk start på finaledagen av NM-turneringa. Dei 131 som var med då dei fyrste hendene blei dela sundag var blitt monalege færre til den andre dagen. Nordskog kom heim frå jobb i 16-tida og hadde nokre timar å slå i hel før turneringsstart klokka 20. For å få tida til å gå tok ho seg ein powernap.

Den blei litt i lengste laget.

– Eg vakna at det ljoma i telefonen. «Turneringa har byrja!».

Til nettstaden poker.no som fyrst intervjua NM-vinnaren takkar ho Sander Østlyngen og Dag Nilsen som ringde henne klokka 20.10 – ti minuttar etter starten.

Bløffa

Nordskog var litt i ørska og tok det roleg i starten, men ho fann raskt flyten. Ho låg trygt plassert, vann nokre små pottar her og der, og registrerte at dei stadig blei færre i kampen om NM-tittelen. Snart var ho på finalebordet. Men der var det fleire som hadde større haugar med sjetongar rundt bordet og Nordskog måtte spela trygt – og godt.

– Eg kjente spelestilen til fleire av dei andre rundt bordet. Derfor ville eg ikkje involvere meg i for store pottar. Det var eit par krutsterke spelarar med, fortel ho.

Men pulsen var høg då ho tok ein sjanse – ein stor sjanse. Ein rein bløff sikra henne ein solid pott.

– Eg hadde ikkje ein dritt! Då tenkte eg at nå står turneringslivet på spel. Heldigvis synte ho ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med to att rundt bordet; Elisabeth og tidlegare NM-vinnar Hanne Wabakken, blei det nervepirrande i tida fram mot midnatt. Wabakken hadde overtaket.

– For meg var ikkje andreplass godt nok, seier Nordskog.

Då ho fekk utdelt to damer på hand og gjekk inn med alt snudde det. Ho dobla «stacken». Med ess og knekt på hand i den avgjerande handa møtte ho Wabakken med to knektar. Esset kom på bordet, det var ingen fleire knektar å sjå – og dermed var Elisabeth Nordskog klokka 23.52 noregsmeister.

– Eg ringde rett til sambuaren min (pokerspelaren Robert Kaggerud, red. merk), men han spela poker i Albania og der var det ikkje dekning. Så då ringde eg mamma (Sigrun). Ho trudde jo det var noko gale når eg ringde så seint, seier Elisabeth med eit smil.

Men ho kunne i staden fortelje at ho var norsk meister til glede og stoltheit frå mora som har vore litt skeptisk til pokersporten, men som alltid har vore ein god støttespelar for Elisabeth.

Ingen ser bløffen heime

For prestasjonen vanka det, i tillegg til NM-tittel, 2410 euro (vel 25 000 norske kroner), og plass i Ladies Event i poker-NM i Bratislava til våren – og ikkje minst svarte noregsmeistertøflar.

– Det er prestisje, ja, seier ho om tøflane.

Elisabeth Nordskog er eit kjent fjes i pokermiljøet, men som regel held ho seg bak kameraet. 32-åringen er lidenskapleg opptatt av foto og er fotograf på pokermeisterskap. Men i Bratislava set ho seg ned rundt bordet. I same rom som dei andre spelarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er skilnadene på online poker og det å vera til stades i ei turnering?

– Det er ingen som ser deg når du bløffar heime i leilegheita!

– Men det er noko med atmosfæren å vera til stades.

Nordskog er fødd og voks opp i Bøgrend i Vinje. I 6. klasse flytta ho til Tokke og Skafså. Det var her fotointeressa blei vekt og ho fekk mellom anna kamera til konfirmasjonen. Den interessa blei forsterka då ho flytta til Lofoten for å gå på folkehøgskule. Eitt år der blei til ytterlegare 4,5 år. Men Elisabeth trengde noko større og turen gjekk vidare til Trondheim.

– Som Rosenborg-supporter har det alltid vore ein draum å bu Trondheim, seier ho med eit smil.

Vil framleis ta bilde

Det var her interessa for poker blei vekt. Etter eit par år vekke frå Trondheim, flytta ho tilbake. Ho har opp gjennom åra reist mykje til mange land for å jobbe som fotograf. Nå jobbar på sportsbutikk i Trondheim – for 100 prosent å satse på poker har ho ikkje tatt sjansen på.

– Det er opp- og nedturar med poker, men eg trur at om eg hadde lagt ned like mykje tid og arbeid som sambuaren, så kunne eg på sikt ha bygd meg eit namn som pokerspelar, men det er noko med å ha ei trygg inntekt ... seier ho.

– Men eg har også framleis eit brennande behov om å forevige augeblikk og reaksjonar på kamera – både av menneske og natur. Det er min største lidenskap, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framom kamera: Til vanleg er Elisabeth fotograf, men i blant blir ho tatt bilde av ved pokerbordet.
Til Bratislava: I NM til våren, som blir arrangert i Bratislava, skal Elisabeth delta.