Brannkonstabel med mange jern i elden

Gudrun Kristine Tjønnhaug Semons (33) frå Haukeli jobbar som dyrepleiar, har jobb i deltidsbrannvesenet, er ivrig ambassadør for fjellbygda, sjølvlært fotograf og lidenskapeleg snøbrettkøyrar.

– Me kan godt gå ein tur!

Svaret på spørsmålet om kvar ho vil møte VTB kjem kjapt, og kjem nok heller ikkje som ei overrasking på dei som kjenner denne dama. Dette er nemleg ei som trivst godt ute i friluft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me møtes for ein rusletur langs Tveitevatnet i Edland, og hunden hennar, Fluffy, er tydeleg glad for turvalet. Her har han vore mange gonger før.

– Det er så idyllisk her, smiler Gudrun.

Den opphavlege Åmdalsverk-jenta hadde slettes ikkje sett for seg å hamne i Edland/Haukeli.

Gudrun Kristine Tjønnhaug Semons på toppen av Haukeli saman med hunden Fluffy.
Gudrun trivst godt i Vest-Telemark brannvesen.

No har ho budd her i fire år. Før det var hennar einaste erfaring med plassen å køyre gjennom. I beste fall med ein rask stopp på Esso.

{{imageLeft}}

Det fyrste møtet med området var så som så.

– Her kan me ikkje bu, sa eg til mannen min, ler ho.

Men med dyrepleiarjobb i hamn blei det flytting likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viste seg å vera fleire folk her enn eg trudde.

«Over there»

Mykje har skjedd etter at Gudrun som 20-åring tok snowboardet under armen og drog til Utah, USA, på jakt etter det ultimate pudderføret. Året var 2007 og skigleda hadde verkeleg fått hjartefeste etter eit år på snowboardlina ved Rødde folkehøgskule.

Ho fekk smaken på livet med brettkøyring og reiste tilbake til Utah vinteren etter. Det var der ho trefte ektemannen, amerikanske Jake, som også er ein lidenskapeleg brettkøyrar. Dei neste to åra blei det mykje fram og tilbake over Atlanteren for kjærasteparet, før ho flytte over til Idaho for å oppfylle draumen om ta dyrepleieutdanning.

– Eg var ferdig utdanna i 2013, og jobba i USA eit heilt år etter det.

– Ikkje verst at du fekk med deg mannen din hit då?

– Det er eg glad for. Noreg passar godt, han likar veldig godt både snowboard og fisking. Det var nesten verre for meg å reise frå USA, eg som likar ranch‘ar og slikt, smiler ho.

Ho saknar til tider det amerikanske livet.

– Eg rakk å få mange vener og eit stort nettverk. Også er USA eit slikt land at dersom du gidd å ta i litt, så er det veldig lett å få ting til. Systema er på mange vis meir lettvinte enn her, meiner ho, men legg kjapt til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men alt i alt er det betre å bu her. Eg kan bli litt sliten av at amerikanarane kan vera litt sjølvsentrerte og snevre. I Noreg er me litt meir opne.

Men det er ein ting ho får USA-stjerner i blikket av å snakke om.

Hest er ærlege vesen, og det handlar mykje om kjemi mellom hest og menneske.

Ranchlivet.

– Når eg er på ranch gløymer eg alt anna. Det er så fint der, og så mange fine hestar. Og så er kyrne så glade, seier ho entusiastisk.

Eit vennepar av svigerforeldra eig ein ganske stor ranch i Idaho, kan ho fortelje.

– Dei syns det kan vera lange arbeidsdagar når me rir og fiksar gjerde i timevis. For meg er det heilt magisk, smiler ho.

– Kor stor er eigentleg ein «ganske stor ranch»?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tja, dei har vel rundt fire hundre kyr. Då eg deltok på eit kurs i inseminering av ku var me på ein ranch med seks tusen kyr.

Heilt sidan oppveksten på Åmdals Verk har Gudrun vore glad i dei firbeinte.

– Det var eit par hestar på Verket som heldt oppe den interessa, må eg sei. Berre eg fekk sjå dei ei gong i veka så var eg glad, ler ho.

– Hest er ærlege vesen, og det handlar mykje om kjemi mellom hest og menneske. Dei er genuint glade for å sjå deg, men om dei ikkje vil på tur, så legg dei i alle fall ikkje skjul på det!

Hjartevarme

For litt over to år sidan blei Gudrun rekruttert inn i Vinje brannvesen.

– Eg tenkte faktisk litt på det då me flytte hit, eg var nyfiken på kva dei dreiv med og korleis dei jobba.

Fyrste dagen ho hadde den obligatoriske beredskapsradioen på seg, gjekk alarmen. Ho hadde ikkje rekt å få tildelt verken klede og anna utstyr.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg heiv meg med likevel og fekk på meg nokre klede i full fart. Skoa viste seg å vera i størrelse 44 og greier, ler ho.

Heldigvis berre dreia seg om litt brann i materialar den gongen.

– Men det var ein elddåp, kan du seie.

33-åringen likar å utfordre seg og lære noko nytt, men kjenner seg ikkje heilt igjen i beskrivelsen av å verke uredd.

– Det er litt rart det der, men eg trur at mange tolkar meg som meir uredd enn eg gjere sjølv. Eg kan føle meg usikker. Men eg driv med mykje forskjellig, det kan kanskje vera derfor eg bli oppfatta slik.

Ho fortel at arbeidet i brannvesenet er spennande og gjevande. Det å koma opp i situasjonar der folk er svært sårbare, om det er brann, bilulukker eller helseoppdrag, er heilt spesielt.

– Då blir den mellommenneskelege relasjonen heilt annleis. Då betyr det ingenting om me er framande, eller frå ulike land, om ein er overlege eller søppeltømmar. Alle søkjer naturleg saman. Det er ein veldig fin ting, seier ho.

– Nokre gonger kan berre det å vera til stades og prate vera nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho minnest godt møtet med ei utanlandsk kvinne som var involvert i ein utkjørsel med bil.

– Dei hadde klart seg bra, men ho syns heile situasjonen var skummel. Eg blei sitjande og snakke med ho ei beite før ambulansen kom. Etterpå klemte ho meg lenge og sa: «du må helse heim». Eg kjende ikkje ho og ho kjende heller ikkje meg, men det er utruleg kor knytt ein kan bli til kvarandre berre på ein liten time i ein slik situasjon.

Ho trivst også med at brannjobben er fysisk tung.

– Å koma heim og kjenne at eg er fysisk sliten er ei god kjensle.

Arbeidet i brannvesenet krev mykje kursing og godkjenningar. I vår tok den læreviljuge dama lappen på lastebil.

– Eg tenkte at viss eg klarer det her, så burde eg vel klare det meste, ler ho.

Dei fysiske krava i brannvesenet er like for kvinner og menn, og dei går gjennom omfattande testar kvart år.

– Det må eg trene for å klare, det er slettes ikkje berre noko eg tek på strak arm, fortel ho.

Slik sett passar det kanskje greitt at ho blei hanka inn som treningsinstruktør med det same ho flytte til Haukeli.

– Eg likar å trene og skulle jo trene uansett. Og så var det ein fin måte å bli kjent på.

Per i dag er det tre kvinnelege brannkonstablar i Vinje brannvesen.

– Blir de behandla annleis enn gutane?

Ho svarar utan å nøle.

– Nei. Det er ikkje slik at karane seier; Gudrun, du kan vaske bilen, du. Det er den som står nærast aggregatet som må ta det. Same kor tungt det er. Alle stiller likt, og det er bra, seier ho og understrekar:

– Elles ville eg følt at eg måtte bevise at eg kunne gjere jobben, og vise at eg var sterk nok. Så det er ikkje noko dilldall sjølv om me er damer, nei.

Haukeli inn i framtida

1. oktober byrja Gudrun som tilsynsvaktmeister på Vinjehuset.

– Der skal eg jobbe litt på kveldstid og i helger framover, smiler ho.

– Du er allsidig? Du er jo også webredaktør for VisitHaukeli?

– Ja, og det er veldig moro, eg oppdagar stadig noko nytt om mi eiga bygd, smiler ho.

Så frå å vera forbifarande bilist, er det no ho som skal synleggjere området for turistar og fastbuande.

– Eg er genuint opptatt av kva retning Haukeli skal ha framover, seier ho og fortel om mange idear til aktivitetar og nybrotsarbeid.

– Også er eg ofte på tur sjølv, så då kan eg jo formidle litt frå dei turane på nettsida også.

Neste prosjekt er å omsetje nettsida til engelsk, noko den erfarne amerikafararen ikkje vil ha noko problem med å fikse.

Ho smiler.

– Dette arbeidet er ein fin måte å bli kjend med både folk og bedrifter her oppe. Også er det nok ei føremon at eg er glad i å fotografere.

Smiiil!

Ja, nettopp. Fotografering er også eit stikkord når ein snakkar om Gudrun. Å fange augneblinkar i linsa er noko denne dama har hatt ei brennande interesse for sidan ho var lita.

– Men det har balla litt på seg dei siste åra, smiler ho.

– Då eg var lita spara eg tjue kroner i veka for å kjøpe eit kamera med automatisk zoom, smiler ho.

– Eg hugsar at eg tok bilete av nabobikkja, framkalla bileta og gav dei til eigaren. Ho syns bileta var fine. Då blei eg blei skikkeleg gira og motivert.

Etter kvart kjøpte ungjenta spegelreflekskamera, som til hennar store fortviling blei stole.

– Men rett før det blei borte hadde eg sendt inn eit bilete i ein fotokonkurranse i Nikon, og jammen vann eg. Det var heilt topp!

I USA var Gudrun såkalla «second shooter» for ei venninne som dreiv med bryllaupsfotografering.

– Dei som skal bli fotografert kan bli så opphengt fotografen at ein second shooter ofte kan klare å fange meir naturlege augneblinkar utan at objektet merkar det.

– I USA tek dei mykje bilete, fortel ho og legg ekstra trykk på ordet mykje.

– Familiebilete kvart år, forlovingsfoto, bilete på fødestova, alt! Men det er jammen i ferd med å bli ein trend her også.

Dyrepleiaren og brannkonstabelen fotograferer mest babyar, bryllaup og familiar, men har også ein del oppdrag for bedrifter.

– Det er veldig moro. Også er det alltid spennande å sette seg framfor maskina og kikke gjennom bileta etter eit fotoopptak. Ikkje sjeldan er det dei motiva eg ikkje hadde tru på som viser seg å vera dei beste.

Tida går fort når ein går slik og skravlar, for vips, så er me tilbake der turen starta. Fluffy er stornøgd og avsluttar det heile med eit kjapt bad i Kjelaåi, før Gudrun må vidare til nok eit fotooppdrag.

Men før det så må journalisten gjere det ho har litt prestasjonsangst for i dag.

Å ta eit bilete av Gudrun, fotografen sjølv.