Vest-Telemark Kraftlag AS, og mogeleg nedlegging av driftsentral, m.m

Ytring

Eg synest det er heilt nødvendig å koma med nokre kommentarar og innspil til dette som nå er på gang i det svært viktige selskapet Vest-Telemark Kraftlag AS. Med viktig så meiner eg for regionen og kommunane i Vest-Telemark. Selskapet er ein svært viktig aktør og «motor» i kommunane her, både når det gjeld utvikling i infrastruktur, arbeidsplassar, kompetanse og ringverknader for anna næringsliv m.m. Nå må eg få opplyse at eg er tilsett i VTK, men eg skriv dette som folkevald politikar/ kommunestyrerepresentant og forkjempar for utkantkommunane, og ville meint det same i alle høve ,og for alle selskap som måtte planlegge å sentralisere viktige arbeidsplassar og kompetanse inn til «byen», eller ut av regionen. Eg er i mot sentralisering, og det må eg i alle fall som politikar vera når det gjeld den bedrifta me eig sjølve som kommunar. Me er rimeleg samstemte her i Vest-Telemark om å ikkje slå saman kommunane, sjølv om regjeringa meiner me er for små og mange. Dette er sjølvsagt av di me trur / veit at dess lenger unna ting vert styrt, så vil det bli mindre fokus og pengar til kvar enkelt «utkant». Det same vil det bli ved å knytte seg til eit stort selskap som t.d Skagerak. Me vert ein utkant, og truleg ikkje prioritera verken med utvikling eller vedlikehald. Dette trur eg alle som har livd ei stund veit er tilfelle. Nå er det altså arbeidd med eit samarbeid i heile Telemark om driftsentraltenestar, som skal leggast til Skagerak sin store driftsentral i Porsgrunn. Dette vil då føre til at VTK må legge ned sin driftsentral, og svært attraktive ingeniørarbeidsplassar forsvinn. VTK har altså ein fullt operativ driftsentral med fjernstyring av svært mange bryterar/ komponentar i alle kommunane, og altså ei driftsvakt som dekker nettet og kraftforsyninga til 6 kommunar i Vest-Telemark, 24 timar i døgeret, 365 dagar i året. Dette er ingeniørar som elles byggjer og vedlikeheld nettet, og som saman med montørvaktene kjenner nettet godt, og kan difor vera raske til å lokalisera feilar, og gjenopprette straumforsyninga etter feil. Ein stor driftsentral kan umogeleg kjenne så godt til så store område, og må difor bruke meir tid i slike tilfelle. Dette trur eg vil føre til lengre utkoblingar, og meir ineffektiv jobbing i nettet. Det er og uttala frå Skagerak at ved feilar vil det bli prioritera der det er mest folk og virksomhetar (KILE-kostnad), slik at då vil nok me her i distrikta stå bakerst i køen. Og kvifor skal me gjera dette? Jau for å spare pengar, slik at nettleiga vert lågare vert det sagt! Då skal de høyre her, dersom ein skal tru dei tala som vert presentera så kan det dreie seg om ca 300 kr pr år for ein husstand som brukar 2000 0kWh i året, men her er mykje usikkert og omdiskutera, så det bli mest truleg det halve, ca 150-200kr i året, altså mest ingen verdens ting ville nå eg sagt. Driftsentralen er sjølve hjartet i kraftforsyninga, og ryk denne så er vegen kort for vidare utflagging av arbeidsplassar.

Det vert hevda at VTK er så lite nettselskap, dette er ikkje rett. I Noreg er det ca 140 nettselskap, av desse er VTK på 28. plass, og klassifisera som mellomstort. Det er altså 110-120 selskap som er mindre, dette er litt ana enn det som vert fortald. Så er det dette med at ein nå etter kvart må skilje mellom nett og produksjon, dette er så å sei på plass i VTK, som har Skafså Kraftverk og eigen energiavdeling, og altså truleg ikkje dei heilt store konsekvensane, mest rekneskapsmessigt, sjølv om ein truleg må ha eit ekstra styre. Når det gjeld utbytte til eigarane (kommunane), så er det kraftproduksjon som stend for dette. Nettet skal altså drivast om lag i balanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg får lyst til å sitere noko som stod i Varden måndag 2. oktober.Skagerak Energi skrur igjen kranene, utbyttefesten er over, stend det! Og tidlegare ordførar Rolf Erling Andersen som er nestleiar i styret i Skagerak seier, sitat:«det også er viktig at kommunene(i Grenland)sikret seg akkurat stor nok eierandel til å blokkere for eksempel en flytting av selskapet ut av Grenland. for oss er arbeidsplasser og kompetanse viktigere enn penger», seier han i intervjuet.

I VTK har kommunane alle aksjane, og held til i ein region der desse orda er endå viktigare, så det ville vera svært underleg om kommunane her ynskte noko ana enn dei gjer i Grenland med selskapet sitt!

Difor vil eg som innbyggar og lokalpolitikar kjempe mot dette, og vil oppmode til at ein tenkjer seg grundig om før ein fortset arbeidet med sentralisering av VTK/Driftsentral. Lokal utvikling, lokale viktige arbeidsplassar og lokal kompetanse er viktigare enn «småpengar». Dette trur eg svært mange i Vest-Telemark vil samtykke i.

Geir A. Djuve, Sp i Tokke