VTB og Rauland m.m.

Ytring

Som VTB-abonnent i snart 40 år har eg hatt høve til å sjå utviklinga av avisa.

Om det er eg som har gått ut på dato eller om det er avisa som har hatt ei dreining dei seinare åra kan eg ikkje påstå hundre prosent sikkert. Men mitt inntrykk er at avisa har endra seg betydeleg. Eg skal nemne dei faktorane eg syns er påfallande:

Artikkelen held fram under annonsen.

Raulandsomtale

Mange gonger har eg treft folk som undrar seg ivi dekninga av Rauland i VTB. Utsagna eg har høyrt fleire gonger er: Om det skrivas noko om Rauland i VTB er det stort sett noko negativ dritt.

Svært mykje om turistutviklinga med negativt fortegn. Ser ikkje ut som om VTB har forståelse for at turistutviklinga i Rauland er ein motor i heile Vest-Telemark.

Lokalpolitikk

Skal ein vera interessant må ein få fram ulikhetane og uenighetane i det politiske landskapet i dei ulike kommunane. Mitt inntrykk av VTB dei seinare år er at ein går omtrent ut av sitt gode skinn for å tekkas den til ei kvar tid sittande posisjon.

Uenighet og dissens blir tagd ihel.

Dermed lurar eg på hoss interesant vurderer VTB seg i lokalsamfunnet når ein bare deggar for «makta».

VTB er flinke til å møte på tinghendelsar i Vest Telemark, noko som etter min forstand gjer avisa svært viktig for regionen. Men det ville ikkje skade den redaksjonelle profilen om det blei ørlite politisk sting i politiske reportasjar samt og kanskje litt godhug for det som skjer på Rauland?

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Lognvik