Jon (11) frå Vinje vann nasjonal skrivekonkurranse
Jon Sandvik frå Åmot skule vann skrivekonkurransen til Framtida junior i konkurranse med over 300 andre.
«Flyktningar græt og svelt i hel, vi ser på videoar av ein morosam sel.»
Strofa er henta frå vinnardiktet til Jon Sandvik (11). Det handlar om sosiale medium. 5. klassingen ved Åmot skule svarar dette på spørsmålet om kvifor han skreiv teksten:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var viktig å få fram at ein ikkje skal bruka for mykje tid på sosiale medium. Ein må løfta blikket ut og sjå verda. Me bør bruka meir tid på dei som treng oss. Og då tenkjer eg på flyktningane. Våre små problem kan ikkje samanliknast med deira.
Høgt nivå
I skrivekonkurransen kunne borna velja å skriva om sosiale medium, mobbing eller miljø. Juryen fortel om høgt nivå, men nokre skilde seg ekstra ut. Jon vann skrivekonkurransen saman med Aksel Dreyer Ur (10) frå Stord og Sondre Norberg (13) frå Jostedal.
Vinnarane får 500 kroner kvar og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader.
Nasjonal nynorsksatsing
Framtida junior er ein del av den nye barnesatsinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Avisa kjem òg ut digitalt på framtidajunior.no. Sidan avisa blei lansert i midten av oktober har 40.000 brukarar vore inno m.
I lag med Vinjesenteret arrangerer Framtida junior no ein songkonkurranse, der skular og barnehagar over heile landet blir invitert til å senda inn videoar av born som syng «Blåmann, Blåmann, bukken min».