Solveig Barstad framom måleriet som bestefaren har måla av bestemora inne i spisesalen på Nutheim gjestgiveri. Kokeleringa har gått i arv frå mor til dotter i fire generasjonar. Kjøkenet baserer seg på norske og lokale råvarer med ein fransk vri.
Solveig Barstad framom måleriet som bestefaren har måla av bestemora inne i spisesalen på Nutheim gjestgiveri. Kokeleringa har gått i arv frå mor til dotter i fire generasjonar. Kjøkenet baserer seg på norske og lokale råvarer med ein fransk vri.

Kokkekunsten på Nutheim har gått i arv frå mor til dotter i fire generasjonar

Drivar av Nutheim gjestegiveri, Solveig Barstad, kjem frå generasjonar med kunstnarar og servicemenneske. Det er desse nisjane ho driv gjestgiveriet vidare på.

På 1860-talet blei det bygd ny veg oppover Aasebrekkene med veg til Åmotsdal. I 1877 starta drifta på Nutheim som eit resultat av vegen. Det blei sett opp bygningar på Nutheim som var henta lenger oppi grenda frå garden Einarjuvet og opna skysstasjon.

– Folk kvilte hestane og seg sjølve her. Det var både gardsdrift og landhandel. Etter kvart kom det bakeri, slakteri og revegard, seier Solveig Barstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trakk til seg kunstnarar

– Det blei etter kvart ein naturleg handelsstad, fortsett Barstad.

Plassen hadde mange eigarar fram til 1917. Då kjøpte oldefaren hennar Halvor og broren Olav, Nutheim. Dei gifta seg med kvar si syster frå garden Nes ved Seljordsvatnet.

– Desse to para fekk til saman 12 ungar, så dei hadde ein god arbeidsstokk. Oldemor og oldefar dreiv hotellet og det har vore kontinuerleg drift med overnatting sidan, seier Barstad.

Nutheim var ein naturleg samlingsplass for kunstnarar som kom til området i fyrste halvdel av 1900-talet.

– Bestefar Erlend Grøstad og broren Terje kom hit sommaren 1946. Dei hadde gjort som andre kunstnarar og reist rundt i landet. Her treffer dei bestemor Ninni og systera Synnøve. Desse dannar så par, seier Barstad.

Erlend og Ninni dreiv gjestgiveriet vidare.

Målarskulen blei inntektskjelde

– Bestefar såg plassen med kunstnaraugo. Folkelivet, dei andre kunstnarane og kulturen fekk han til å formidle Nutheim. Han sette ord på staden på ein annan måte, seier Barstad.

Erlend starta opp ein målarskule på Nutheim i 1962. Med vekeskurs heile sommaren var målarskulen størsteparten av inntektskjelda på Nutheim på 70-, 80- og 90-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kunstnarane kom hit fordi området representerte det urnorske. Her kunne ein framleis finne soger og segn. Dei levande tradisjonane var framleis der og hadde ikkje blitt bytta ut med nye impulsar. Det heile skapte ei meining, seier Barstad.

Mange kunstnarar, som mellom anna Harald Kihle, Henrik Sørensen, Kai Fjell og Erik Werenskiold har også eit forhold til Nutheim.

– Mamma og pappa er også kunstnarar. Det låg i korta at mamma skulle ta over Nutheim. Det gjorde ho tidleg på 2000-talet. Ho hadde alt då vore med på drifta frå barnsbein av, seier Barstad.

Ho fortel at kunsten har vore ein nerve og raud tråd på Nutheim heile tida.

– Nå har me galleri, målarkurs og scene. Me har lyst til å vera ein kulturarena ved sida av å vera ein serveringsstad og overnattingsplass med 17 rom, seier Barstad.

Nutheim har, i tillegg til open restaurant i sommarsesongen, private selskap, kurs og intime små bryllaup. Nutheim har eige kapell der folk kan vie seg og døype barn.

Satsar på oppsøkande besøk

Barstad driv det historiske kunstnarhotellet saman med mora, som er bilethoggaren Ellen Grøstad Barstad. Kokkekunsten har gått i arv frå mor til dotter i fire generasjonar.

– Drifta har gått litt betre dei siste åra. Me driv konstant på marginalar når me satsar på å halde husa fine og råvarene gode. Nutheim brukar norske og lokale råvarer. Det synest me er rett og ser ikkje noko anna alternativ, seier Barstad, som er tydeleg på at Nutheim er ein plass der dei lokale skal vera stolte og føle seg heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nutheim er skapt på grunn av vegen. Trafikken har endra seg opp gjennom åra og gjestegiveriet tener ikkje noko på tungtransporten som går forbi husveggen.

– Korleis blir det når E134 leggast om?

– Me er spente fordi me ikkje veit korleis det blir. Me har lenge satsa på oppsøkande besøk. Eg håpar me fortsett som ein overnattingsplass sjølv om me ikkje lenger vil ligge langs hovudvegen, seier Barstad.

redaksjon@vtb.no