Vråliosen hotell

Ytring

Vråliosen Hotell, som Hotell Dalen, vart bygd på 1890-talet som overnattingshotell for dei reisande som kom med dampbåten opp Bandak og Nisser/Vråvatn og som ikkje fekk skyss vidare om kvelden. Dette var grunnlaget for skipinga av desse hotell-verksemdene. Men med utbyggjing av den nye jarnvegen og vegnettet, kom desse hotella allereie på 1920/1930-talet i bakleksa og vart ståande mykje tome, inntil nokre ildsjeler kom og freista gjere noko med forfallet som var i gong. Dette såg me fyrst på Dalen med Åge Samuelsen og det kvinnefeministiske universitet dei ville skipe. Diverre var det ikkje det kulturhistoriske og det arkitetoniske dei hadde i mente, men tida var heller ikkje mogen for korkje kommune eller legfolk til å take vare på denne viktige arven i landsdelen vår.

I Vråliosen vart det annleis, ein ihuga hotelleigar tok vare på hotellet der i mange år med eit vidgjete kjøken der middagsgjester frå Straand Hotell heller kom køyrande til Vråliosen før å smake på kokkens rettar heller enn å ete på Straand hotell! Slik er det blitt meg fortalt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i Vråliosen gjekk det heller raskt undan. Skulen, barnehagen, drosja, bensinstasjonen, butikken og posten vart lagd ned, i 2012 vart bygda Vråliosen eigenleg heilt lagd ned for godt.

Så kvifor denne omsorgen for forfallet av Hotell Vråliosen no i det heile i lokalmiljøet? Me som kjenner eigaren som no sit att med ansvaret etter at mannen hennar døydde, burde heller tre til for å hjelpe henne ut av denne knipa og take vare på hotellet vi som bur her, heller enn å klage på forfall og elendigheit!

Det er mange som eig mykje kapital i Vråliosen som sikkert kunne kaupe denne enka ut og take vare på det gamle unike hotellet – istaden for å setje seg ned å sutre og klage. Lat bygdefolket gå saman om å take vare på Vråliosen Hotell saman, lat det bli eit spleiselag for heile bygdi, slik folk stod saman i gamle dagar!

Torstein Svee

«Lårdalsåi skal leva» Ytring på side 11.